Same stemmerett for kvinner som for menn
Gina Krog var leiar for Kvindestemmeretsforeningen frå 1885 og redaktør for Nylænde frå 1847.
Det måtte gå nesten 100 år etter at grunnlova vart vedtatt, før Stortinget kunne vedta at kvinner skulle ha same stemmerett som menn i det demokratiske Noreg. Det skjedde om kvelden 11. juni 1913, altså for 110 år sidan.
Stemmerettskampen har sine meir og mindre kjende heltinner, men heilt frå 1880-talet må mange ukjende eldsjeler ha vore i aktivitet.
I 1885 tok Gina Krog og 10–11 andre kvinner ansvaret for å stifta Kvindestemmeretsforeningen (KSF). Der kunne berre kvinner bli medlemmer, og målet var tydeleg: same stemmerett for kvinner som for menn.
Da Norsk kvinnesaksforening (NKF) vart stifta året, hadde venstremannen (og tidlegare Dagbladet-redaktør) H. E. Berner sytt for at han sjølv vart den første formannen i den første norske kvinnesaksorganisasjonen, og at formålsparagrafen ikkje inneheldt eitt ord om stemmerett.
På nyåret 1889 gjekk KSF til aksjon, kravet om stemmerett for kvinner ville komma opp i Stortinget hausten 1889 eller våren 1990. Fire av dei mest kjende kvinnesakspionerane reiste på turné med foredrag og innsamling av underskrifter. Dei nådde ein del av byane i den sørlege delen av landet. Foredraga var godt besøkte og fekk grundig omtale i lokalavisene. Men den som reiste lengst nordover, Gina Krog, kom ikkje lenger enn til Trøndelag.
Notisar om «Adresse om Stemmeret for Kvinder indleveret Storthinget, undertegnet av 4533 Kvinder fra alle Landets Egne», dukka opp i aviser over heile landet i slutten av mai 1890. Høgrerepresentanten Andreas Olsen Berger meinte at når ein tenkjer seg «4533 i forhold til kvindernes antal i vort land, saa er jo det en forsvindende del».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.