Sakprosa og fiksjonForfattar-foreiningaTormod HauglandBøvågenI Dag og Tid 2. februar kjem Håvard Rem med svar til Sigmund Løvåsen i ei sak om Den norske Forfatterforening (DNF) og Det litterære råd (DLR). Løvåsen sitt saklege svar kom etter Rem sin komment
I Dag og Tid 2. februar kjem Håvard Rem med svar til Sigmund Løvåsen i ei sak om Den norske Forfatterforening (DNF) og Det litterære råd (DLR). Løvåsen sitt saklege svar kom etter Rem sin kommentar til opprettinga av den nyskipa forfattarforeininga Forfatterforbundet, der han går til åtak på DLR si sterke makt og påverknad i den norske bokheimen.
Rem er oppteken av å få fram korleis DLR er med på å styre og legge føringar på nærast alle ledd i Bok-Noreg, frå opptak av nye medlemmer og stipendfordeling til innkjøpsordning og bokhandel. Sjølv er eg medlem av DLR på 6. og siste året, og meiner at det å vere ein av dei 9 medlemmene der er ein maktposisjon ein skal vere medviten om, og audmjuk for.
Trass i at Rem overdriv korleis denne makta også verkar inn på kulturrådet si innkjøpsordning og nulling av bøker, og heilt fram til boksalet, så er særleg handsaminga av stipendsøknader eit arbeid som inneheld både makt og ansvar. Eit stipend kan vere viktig, og ha avgjerande innverknad på ein forfattar si skriving og utvikling. Og det er ei viktig utfordring for DLR å tenkje breidde i høve til sjanger og litterært uttrykk.
Det er difor underleg at Håvard Rem ser ut til å meine at DLR arbeider imot mangfald i den norske bokheimen. Rådet arbeider nettopp for å sikre eit litterært mangfald, der ein ser etter kvalitet, også i dei bøker som ikkje får merksemd i media. Rådet si samansetjing speglar eit slikt ynske, og det same gjer variasjonen i medlemsmassen, der ein finn både forteljande sakprosaistar og songtekstforfattarar, som Rem ser ut til å tru er utestengde frå å kunne søkje plass i DNF.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.