Sabelrasling i SpaniaSpania Birger Angvik«» ropar dei mot statsminister Pedro . Regjeringa har gjort vedtak om å flytte mumien av general Franco frå Valle de los

Turistar ved gravferdsmonumentet over general Francisco Franco. Den spanske regjeringa har no vedteke å flytte mumien.
Turistar ved gravferdsmonumentet over general Francisco Franco. Den spanske regjeringa har no vedteke å flytte mumien.
Publisert

«Gravskjendar» ropar dei mot statsminister Pedro Sánchez. Regjeringa har gjort vedtak om å flytte mumien av general Franco frå Valle de los Caídos (Dalen til dei døde). Så har fem høgare offiserar frå alle våpengreinene – pensjonerte eller i reservestyrkane – skrive eit opprop til forsvar av Franco som «ein framifrå offiser». General Manuel Fernández Monzón, talsmann for gruppa, seier at Franco aldri gjorde noko lovstridig, at han ikkje fengsla og avretta folk utan lov og dom, at all tale om 140.000 bortkomne er rein løgn, og at Spania har Franco å takke for velstanden i dag. Så kallar han politikarar på høgresida, i Partido Popular og Ciudadanos, for feigingar som ikkje tør stå opp for Franco. 700 personar frå militære sirklar skal til no ha skrive under på oppropet, og somme ser dette som «urovekkande», mens andre seier at 700 av totalt 50.000 pensjonerte offiserar utgjer ei «ubetydeleg» gruppe.

Og likevel er det no nokre aktive militære som går ut og seier at Franco-dyrking er ein del av livet i dei væpna styrkane, og ingen er i tvil om haldningane i Framandlegionen, til dømes.

Og så er det slik at spansk historie syner at militære har vorte brukte som hjelparar når dei konservative i landet har mista kontroll over politisk utvikling. I september 1923 vart dei redda av kuppet til general Primo de Rivera, og han sat med makta fram til februar 1930. Progressive krefter innførte Republikken i Spania 14. april 1931, kongehuset vart avskaffa og kong Alfonso XIII måtte forlate landet. Nye utfordringar vaks fram for industriborgarskap, godseigarar og kyrkja, men general Francisco Franco gjorde opprør mot Republikken 18. juli 1936, og kuppet hans utvikla seg til ein blodig og langvarig borgarkrig fram til april 1939.

Det brutale diktaturet til Franco varte så fram til 20. november 1975. Mellom 1941 og 1959 sette han 20.000 politiske fangar til å bygge anlegget i Dalen til dei døde, og der vart han sjølv gravlagd 23. november 1975. Oberstløytnant Antonio Tejero storma parlamentsbygningen i Madrid i eit kuppforsøk den 23. februar 1981. Han ville stoppe overgangen til demokrati som var i utvikling. Han mislykkast, men det er uklart om dei militære støttespelarane hans vart avdekte og avsette. Forsvarsminister José Bono ville hindre kupp i januar 2006. I den såkalla «Mena-saka» gav han ordre om at general José Mena skulle flyttast til reservestyrkane. Statsminister Rodríguez Zapatero forhandla då med Catalonia om nye statuttar, og general Mena hadde blanda seg inn i aktuell politikk og truga med «intervensjon» dersom forhandlingane gjekk for langt med sjølvråderett for regionen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement