Russlands tragedie, og SovjetunionenRUSSLANDØYVIND PORSGRUNNDet er 100 år sidan bolsjevikane kuppa makta i Russland. Valet den 12. november 1917 vart vunne av Det sosialistrevolusjonære partiet med 370 representantar i
Det er 100 år sidan bolsjevikane kuppa makta i Russland. Valet den 12. november 1917 vart vunne av Det sosialistrevolusjonære partiet med 370 representantar i Dumaen. Lenins bolsjevikar fekk berre 175 av 715 representantar. Bolsjevikane kuppa makta, og då var helvetet laust.
Svært få visste kva GULag var før boka til Aleksandr Solzjenitsyn om GULag-arkipelet kom på norsk i 1972. Nokre hadde fått med seg Robert Conquests bok The Great Terror frå 1968, men i det store og det heile var historia om kommunistterroren i Sovjetunionen ukjend for dei flest fram til boka om GULag kom på norsk i 1972.
GULag er forteljinga om det mest omfattande slaveleirsystemet i historia der millionar av menneske døydde. Vi snakkar eigenleg om ein GULag-stat innanfor staten Sovjetunionen. GULag var eit viktig element i det den permanente statsterroren til det sovjetiske regimet mot folkesetnaden i det tidlegare Sovjetunionen, og vart etablert i 1918. Systemet voks i omfang heilt til i byrjinga av 1950 åra då det vart sakte avvikla. GULag var ein svært brutal institusjon i eit usedvanleg brutalt politisk-sosialt system. Den tyske historikaren Manfreds Hildermeier seier i verket sitt om Sovjetunionen at ikkje noko anna regime i historia har handsama folket sitt så brutalt som herskarane i Sovjetunionen (kanskje med unntak av Nord-Korea).
Det vert anslege at omkring 20.000.000 menneske arbeidde som slavar i GULag i perioden 1930–53. Eit forsiktig anslag seier at 4.000.000 menneske døydde i desse leirane som følgje av svolt, kulde og utmatting i desse åra. Nye GULag vart etter kvart etablert i nesten folketomme område i nordområda og i det fjerne Austen. Grunnen til det var at desse områda var fulle av naturressursar som olje, stål og kol. Slavane vart brukte til å utvinne kol og stål i miner. Ein av dei sentrale GULag ansvarlege fekk det for seg at sidan bønder likte å arbeida med jorda, ville dei òg eigna seg til å jobba under jorda. Bønder i fangenskap vart av den grunnen ein av dei største gruppene av slavar som jobba i GULag-gruvene.
Den veldige ekspansjonen til GULag-systemet i 30-åra heng saman med den første femårsplanen og overgangen til ein kommandoøkonomi på slutten av 1920-talet og i byrjinga av 1930-åra. I andre halvdel av 1930-åra disponerte GULag frå 1,2 millionar til 2 millionar slavar. I 1950 åra steig mengda til 2,5 millionar slavar. Store byar i dag som Norilsk, Vorkuta og Komsomolsk, byrja som GULag-leirar på 1930-talet.
Atom-GULag og Uran-GULAG er ei eiga historie i denne samanhengen. Bruken av GULag-fangar i utviklinga av atomvåpena til Sovjetunionen og i atomindustrien var i byrjinga knytt opp mot at Sovjetunionen fekk store mengder uran frå Tsjekkoslovakia og Aust-Tyskland der NKVD dreiv miner med 50.000 tyske slavar, tvangsarbeidarar og krigsfangar. Vi veit ikkje så mye om atom-GULag og uran-GULag bortsedd frå at desse var folkesette av fangar som i realiteten var dødsdømde. Slavane i desse minene vart kalla for smertniki, som tyder død, og jobba i dei farlegaste minene med drepande stråling. Her kan nemnast ein katastrofe frå 1949. 39.000 uranblokker som inneheldt 150 tonn uran, blei fjerna frå reaktoren med handkraft, og tusenvis av smertniki som var sette til dette arbeidet, døydde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.