Rus-reklame i NRK

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Endeleg skal NRK gi temaet rus den plass og tid det fortener, tenkte eg då serien om rus blei lagd ut. Miljøa var som henta frå ein reklamefilm. Rike og pene ungdommar som festa og dansa til drivande musikk ved symjebassenget i hagen, med pengar nok til svære russebussar og til festing kvar dag i ein månad.

Assosiasjonane til tida med tobakksreklame er nærliggande. I 1953 røykte 70 prosent av dei mannlege legane i Noreg, så marknadspotensialet for vanedannande stoff er enormt.

Dei seinare restriktive tiltaka og offentlege informasjonskampanjane om skadeverknadar av tobakk har hatt stor effekt. I dag røyker berre 9 prosent av befolkninga, og vi har forbod mot alkohol- og tobakksreklame.

«Rus kan være jævlig digg», seier Leo. «Den beste tiden i livet» var då Leo fekk morfin før ein operasjon. «Hasj lukter godt», og «det digge med kokain, er selvtilliten du får». Om cannabis seier han: «Ikke all bruk er misbruk. De digger bare en joint mer enn de digger vin.» Ein annan stad seier han: «Du kan ha en fantastisk trip eller være ekstremt uheldig.»

Kamera kviler lenge på søte Malin der ho sit og røyker sin cannabis ute i vakker natur. Leo blir også med Irmelin, ei anna pen jente, ut i skogen for å plukke fleinsopp. Dette er favorittdopet hennar. Ho fortel med innleving om trippen sin og viser oss korleis fleinsoppen ser ut. Ho har to reglar for å unngå «bad trips». Den eine er å vere på ein trygg plass. Det andre er å vere sin eigen besteven, kva no ho meiner med det. Leo seier: «Det er lurt å gjøre som Irmelin. Vær klar over at alle rusmidler kan ha farlige sider.»

Dette var nokre døme på tonen i serien. Vekselvis overflatisk, lettvint og bagatelliserande og vekselvis djupt alvorleg. Sjølv kjenner eg folk som er blitt psykotiske av fleinsopp. Det er ikkje ein bagatell. Å oppleve psykose er vondt og uhyggeleg og kan merke eit menneske for livet.

Når serien gir inntrykk av at alle ungdommar rusar seg, skaper det ei forventning om at rus må til om ein vil vere som dei andre.

Men det er ikkje sant at alle rusar seg. Tre fjerdedelar har ikkje prøvd cannabis, det mest brukte illegale stoffet. Endå færre har prøvd andre stoff. Kvifor serien likevel framstiller det som normalt at unge rusar seg på illegale stoff, er meg ei gåte.

Rus handlar om pengar. Etter kvart blir også pengar det største problemet for dei som ikkje lenger klarer å skilje mellom kvardag og fest, som Leo uttrykkjer det.

Eit dilemma som altfor mange foreldre opplever, er om dei skal betale stoffgjelda når borna deira har innkrevjarar etter seg. Eg kjenner fleire som har gått i banken og lånt både tjue og femti tusen for å unngå at ungen deira blir behandla av torpedoar. Dette er ei høgst reell og vanskeleg problemstilling.

Den sorga som foreldra til Jens må leve med, må vere botnlaus. Jens døydde etter ein ufrivillig overdose. Likevel klarer desse to å skape det flotte prosjektet «Rocket-Man». Det står det respekt av.

Leo undergrev det førebyggingsarbeidet som skulane driv, når han lover at «dette ikke bare er enda en video som de på skolen skal vise for at du skal si nei, nei, nei til rus. For det går an å feste trygt».

Det går uendeleg mange ulykkelege menneske rundt og beviser at det Leo seier her, ikkje nødvendigvis er sant.

Visst er rus gøy! Det er så gøy at mange ikkje finn grunn til å slutte med det. Rus er så digg at ein etter kvart brukar alle pengane ein klarer å få tak i, på dette. Ja, så digg at det kan konkurrere ut omsyn til familie, barn, arbeidsfellesskap, skulearbeid, rettskjensle, sanning og omsyn til andre.

Skaden er skjedd. Serien er send. Eg er redd vi i framtida vil sjå ein auke i bruk av narkotika.