I leiaren sin 1. desember skriv Svein Gjerdåker at krigen i Gaza må stogge, fordi dei sivile lidingane er for store. Det går fram av teksten at Israel er parten han meiner bør sørge for dette.
Det er ikkje vanskeleg å ha sympati med det tragiske både i levekår og tap av liv i krigskaoset som nå råder grunnen på Gaza-stripa. Det er marerittvekkande tilstandar ingen ynskjer å sjå sine eigne bli fanga i. Og dersom ein snevrar fokuset på kva denne situasjonen handlar om til berre å gjelde kva sivile opplever i Gaza, så kan ein fylgje logikken til Gjerdåker. Israels forsvarsstyrkar sitt framtog er noko verda må sjå å få stogge.
Men denne logikken manglar mykje på å forhalde seg til kva kontekst krigen står i. 7. oktober synte for all verda at Israel har naboar som er moralsk kapable til å utrette vald og overgrep på eit nivå det er vanskeleg å forstå at menneske kan få seg til. Det mest skremmande var at svært mange sivile palestinarar deltok i bestialitetane. Dette bildet er ikkje lett å forhalde seg til.
Ei spørjeundersøking gjord 11. november i Gaza og på Vestbreidda av den uavhengige organisasjonen Arab World for Research and Development (AWRAD), synte at 75 prosent av folket stør Hamas sine ugjerningar 7. oktober, der 60 prosent kryssa av for «ekstrem støtte». Færre enn 13 prosent sa dei var imot. Det overraskande var at støtta til Hamas var mykje større på den «moderate» Vestbreidda enn i Gaza. Dette er veldig deprimerande tal for den som håpar på fredsarbeid på palestinsk side.
Hamas har lova å repetere 7. oktober til det er slutt på staten Israel. Dei kan ikkje tole jødar korkje som nasjon eller folk. Hamas skal me hugse var vinnarane av det einaste demokratiske valet halde i Gaza, etter at Israel gav området frå seg i håp om fred. Rakettskurene som fylgde, og kulminasjonen i oktobermassakren blei ei dyr lekse for israelarane.
Hamas «har ikkje livets rett», seier Gjerdåker. Men korleis vil han fjerne dei? Halmstrået han tyr til, er «moderate palestinske krefter». At desse skal stå opp mot terror. Det som er nemnt over, fortel diverre kor blåøygd ei slik utsegn er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.