Rosemåling mot realitetarIsrael og apartheidBjarte RundereimGolFrode Gaustad likar ikkje at Israel vert skulda for apartheid, og han vel å bruka språklege tilhøve for å avvisa oss som står for slike skuldingar. Dette er ein høvesvis enkel metode, og metode
Frode Gaustad likar ikkje at Israel vert skulda for apartheid, og han vel å bruka språklege tilhøve for å avvisa oss som står for slike skuldingar. Dette er ein høvesvis enkel metode, og metoden inneheld alt ein treng for å dekkja over og rosemåla stygge realitetar. Eit døme på kor enkelt det kan vera, finn vi i Wikipedia: «Apartheid er en politisk ideologi og et system for rasebasert segregering eller adskillelse, herav navnet, praktisert i Sør-Afrika mellom 1948 og 1994. (...)» Dersom ein legg denne definisjonen til grunn, kan ein avvisa mest alle skuldingar om apartheid som måtte gjelda andre land.
Min definisjon var ein annan: «Det å syta for at ei folkegruppe set seg i stand til å få absolutt kontroll over eit territorium, uavhengig av folketal og andre grupper.»
Gaustad lurer på om det då finst noko land i verda som ikkje er det (apartheidstat). Ei slik haldning gjer all debatt om saka meiningslaus. Nasjonalisme er ikkje apartheid, sjølv om det vore enkelt å finne politiske retningar i dei fleste land som peikar i den retninga.
Israel er oppretta med det eine for auga å vera ein apartheidstat etter min definisjon. Ein kan gjerne seia at det er det einaste føremålet med den sionistiske staten Israel. Som eg påpeika i mitt innlegg, er alle realitetar omkring det såkalla Palestina-problemet, med nektinga av «tilbakevending», okkupasjonen av palestinske område på sjuande tiåret, treneringa av alle løysingar av territoriale spørsmål, og den gradvise jødiske nedbygginga av dei same okkuperte områda; alt dette er tydelege teikn for den som vil sjå. Å skulda på at palestinarane nektar Israel eksistens, er som når nordmenn nekta å godta tysk dominans i 1940. Makteslaust.
Gaustad skriv at Israel «godtok» FN sin delingsplan i 1948. Nei. Israel gjorde ikkje det. Namn som Irgun, Haganah, Yezernitsky og Ben-Gurion, og det lite påakta faktumet at den jødiske befolkninga i 1948 var knapt over 500.000, at ho dobla seg i dei neste 3–5 åra, og at ho no er godt og vel 5,5 millionar – medan dei forjaga palestinarane og deira etterkomarar truleg utgjer meir enn 6 millionar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.