Austavinden prega førjulstida. I Dag og Tid 22. desember klarte Kaj Skagen kunststykket å kritisere Noreg for å vere illiberalt og samstundes løfte fram Sverige sin teknokratiske koronadirektør Anders Tegnell som ei leiestjerne.
Samspelet mellom fagmiljø og myndigheiter var komplisert under pandemien. Sverige hadde samla ansvaret for pandemiberedskap i Folkhälsmyndigheten (FHM). FHM følgde ein pandemiplan meint for influensavirus. Influensa spreier seg meir føreseieleg enn korona, og vi har betre tilgang på vaksinar.
Korona spreidde seg raskt og «under radaren» til store folkegrupper, og vi hadde ingen vaksine eller behandling. I tillegg visste ein lite om ukjente faktorar ved viruset: Kunne det raskt mutere til meir aggressive variantar, og hadde det andre langtidsverknader vi ikkje såg, slik som long covid? Vi har kanskje gløymt det i dag, men situasjonen i mars 2020 var alvorleg. Tilstanden i Nord-Italia var dyster, og smittespreiinga i Noreg var så rask at vi såg ut til å gå mot same situasjon.
I Noreg fekk to fagmiljø påverke responsen: smittevernmiljøet i FHI og beredskapsmedisinarane ved Oslo universitetssjukehus (CBRNE-senteret). Dei understreka viktigheita av å skjerme helsevesenet for å hindre overbelasting i den første akutte fasen til pandemien.
Vart helsevesenet overbelasta så det ikkje kunne yte normal helsehjelp, ville skadeverknadane vere langt utover dei relativt gamle som døydde av sjølve viruset. I tillegg pressa folkevalde myndigheiter på – først og fremst gjennom å fange opp kva risikotoleranse ein hadde i det norske samfunnet. Resultatet var ein respons som var så fagleg og demokratisk som ein kunne få når landet skal stengast på eit par dagar.
FHM sette på skylappane. Sjølv om FHM innførte ein del tiltak, slapp dei i realiteten viruset laus i det svenske samfunnet. Mange døydde unødig i Sverige i 2020. Fleire prøvde å seie ifrå – særleg dei som jobba i helsevesen og sjukehus. Men då FHM-toget hadde forlate stasjonen, var det ikkje lett for verken folkevalde eller andre relevante fagmiljø å kome seg om bord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.