Røre om koronarespons
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Smittevern
Austavinden prega førjulstida. I Dag og Tid 22. desember klarte Kaj Skagen kunststykket å kritisere Noreg for å vere illiberalt og samstundes løfte fram Sverige sin teknokratiske koronadirektør Anders Tegnell som ei leiestjerne.
Samspelet mellom fagmiljø og myndigheiter var komplisert under pandemien. Sverige hadde samla ansvaret for pandemiberedskap i Folkhälsmyndigheten (FHM). FHM følgde ein pandemiplan meint for influensavirus. Influensa spreier seg meir føreseieleg enn korona, og vi har betre tilgang på vaksinar.
Korona spreidde seg raskt og «under radaren» til store folkegrupper, og vi hadde ingen vaksine eller behandling. I tillegg visste ein lite om ukjente faktorar ved viruset: Kunne det raskt mutere til meir aggressive variantar, og hadde det andre langtidsverknader vi ikkje såg, slik som long covid? Vi har kanskje gløymt det i dag, men situasjonen i mars 2020 var alvorleg. Tilstanden i Nord-Italia var dyster, og smittespreiinga i Noreg var så rask at vi såg ut til å gå mot same situasjon.
Tilstanden i Nord-Italia var dyster, og smittespreiinga i Noreg var så rask at vi såg ut til å gå mot same situasjon.»
I Noreg fekk to fagmiljø påverke responsen: smittevernmiljøet i FHI og beredskapsmedisinarane ved Oslo universitetssjukehus (CBRNE-senteret). Dei understreka viktigheita av å skjerme helsevesenet for å hindre overbelasting i den første akutte fasen til pandemien.
Vart helsevesenet overbelasta så det ikkje kunne yte normal helsehjelp, ville skadeverknadane vere langt utover dei relativt gamle som døydde av sjølve viruset. I tillegg pressa folkevalde myndigheiter på – først og fremst gjennom å fange opp kva risikotoleranse ein hadde i det norske samfunnet. Resultatet var ein respons som var så fagleg og demokratisk som ein kunne få når landet skal stengast på eit par dagar.
FHM sette på skylappane. Sjølv om FHM innførte ein del tiltak, slapp dei i realiteten viruset laus i det svenske samfunnet. Mange døydde unødig i Sverige i 2020. Fleire prøvde å seie ifrå – særleg dei som jobba i helsevesen og sjukehus. Men då FHM-toget hadde forlate stasjonen, var det ikkje lett for verken folkevalde eller andre relevante fagmiljø å kome seg om bord.
Sveriges respons var autoritær og teknokratisk. Det førte til unødig risiko og død i det svenske samfunnet.
Den verkelege skandalen i den norske responsen var at stenginga vart planlagd og gjennomført i løpet av nokon timar. Kaos rådde heile vegen frå fastlegekontora til Finansdepartementet. Koronavirusa hadde vore eit kjent trugsmål i nesten 20 år. Norske myndigheiter hadde både kunnskap og føresetnader for å klargjere lovverk og retningslinjer for stenging som smitteverntiltak mange år før koronaviruset trefte oss. Men det hadde vi ikkje.
Vi hadde ein pandemiplan full av manglar. Norsk plan- og lovverk må ha planar for kontrollerte stengingar av samfunnet – inkludert juridiske rammer. Konkluderer ein med at stenging var unødvendig, risikerer ein å stå like ubudd neste gong det dreg seg til.
Kristian Kobbenes Starheim er ph.d. i molekylærbiologi, tidlegare forskar i immunologi og forfattar av boka Pandemi, panikk og politikk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.