Mini-Europa

Rolla til EU

Mini-Europa vart opna same år som Berlinmuren fall.
Publisert

« Manglende forståelse for EU », skriv Paal Frisvold i Dag og Tid nr. 19 om Ida Lødemel Tvedt si skildring av då ho vitja Brussels svar på Legoland: « Mini-Europa » (Dag og Tid nr. 17). Eg er samd i alt Frisvold skriv om kor viktig EU er for Europa og verda i dag, ja jamvel for Noreg. Men eg synest ikkje Ida Lødemel Tvedt skriv so negativt om EU som Frisvold vil ha det til.

Tvert om fekk ho meg til å tenkje på kva me må gjere for å sikre at EU ikkje berre lever vidare, men kjem ut av tenåra som ein moden vaksen. «Tenåringar går svangre med seg sjølv», skriv Tvedt som eit bilete på EU etter å ha diskutert ei rekkje utfordringar dette samarbeidet har møtt og vil møte i tida som kjem.

Eg kan ikkje gå i detalj, men eit grunnleggjande spørsmål ho stiller, er kva Europa er, og om EU som idé og politisk system famnar dette kontinentet geografisk, politisk og kulturet. Eit anna er korleis me som trur på EU-samarbeidet, formidlar kva det eigentleg handlar om. Når Tvedt skriv at ho syntest «ideane denne plassen freista formidle, var litt forkvakla, men eg likte at han prøvde», er vel nett det eit døme på at ho har forstått EU si rolle i ei stadig meir forkvakla verd?

Slik er òg hennar kopling til austerrikaren Stefan Zweig ei påminning om ikkje å ta det freds- og fridomsprosjektet EU er, for gitt. Eg finn ikkje det nedlatande slik Frisvold gjer. Er det ikkje no som då Zweig skreiv om Verden av i går. En europeers erindringer, ei vanvitig tid? Kor kynisme og vald breier om seg i internasjonal og nasjonalstatleg politikk?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement