Rettingar og tilføyingar til reportasjen om treslag
Barlind som står på Barlindneset i Ørsta kommune.
Foto: Knut Hustad
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Tre
Det viktigaste først: I reportasjen om barlind står det skrive om bogematerial og at kjerneveden vender frå skyttaren. Dette er ein feil som irriterer meg grøn, og som eg ber audmjukt om orsaking for. Kjerneved er sterk mot trykk, og yteved er sterk mot strekk. For at kreftene skal samarbeide med å drive pila framover, må kjerneveden nødvendigvis vende mot skyttaren. Noko ein også ser ut frå biletet av bogen i reportasjen. (Kjerneveden er mørkare enn yteveden på barlind.) Ein stor takk til Erik Solheim som gjorde meg merksam på feilen.
Eg har motteke mange spørsmål i kjølevatnet av serien, og desse vil eg svare på i forkorta form. Ein lesar skriv at huda på «Fram» var laga av meir enn berre eitt lag eik. Det er korrekt. Mellom anna det utruleg sterke og eksotiske treslaget greenwood, som kjem frå ei slekt i laurbærfamilien. Fordi teksta fokuserer på eik som ressurs, har eg ikkje gått nærmare inn på temaet. Bygginga av «Fram» er eit spanande tema som fortener ein eigen reportasje.
Ein lesar har introdusert meg for ein svært interessant teori. Han skriv at det på Osebergskipet vart nytta bøk i tillegg til eik, og lurer på om dette kan tyde på at skipet ikkje vart bygd på Karmøy. Lesaren foreslår at ein alternativ byggjestad kan vere Nordhordland, ettersom den einaste bøkeskogen på Vestlandet veks på Vollom like ved Kongsgarden på Seim. Eg er open for ei slik tolking, og kunne ynskje meg nærmare undersøkingar av den nemnde bøka. Kanskje er det mogleg å nytte dendrodatering av bøka på lik linje med det som har vorte gjort av eika i skipet?
Fleire lesarar spør korleis ein kan berge barlinda, og kva tiltak som kan setjast i verk. Først og fremst bør ein vektleggje gode vekstvilkår for barlind i regionale skjøtselsplanar. Vidare er det relativt enkelt å dyrke fram barlind gjennom bruk av årsskot. Eit forslag har vore å setje ut ein kjønnsfordelt populasjon av barlind i områda som er sterkast råka av tilbakegang. Fordi barlinda veks seint, vil slike planar måtte ha eit svært langsiktig perspektiv.
Eit spørsmål som går att, er om det er mogleg å stadfeste alderen på barlind utan å gjere fysiske inngrep. Ein utveg vil vere å måle breidda på treet og samanlikne dette med historiske data frå tre med kjend alder. Skal samanlikningsgrunnlaget vere godt, må trea stå i området med lik bonitet og lengd på vekstsesongen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?