Rettferd?RELIGIONHANS KRISTIAN SOLBUTRONDHEIM«Gud, kvar er rettferda du ville visa meg?» spør Moses i Walid al-Kubaisis vesle tekst i Dag og Tid 29. september. Verken Moses eller Walid er dei første eller dei siste som spør etter rettferda i tilværet. Men
«Gud, kvar er rettferda du ville visa meg?» spør Moses i Walid al-Kubaisis vesle tekst i Dag og Tid 29. september. Verken Moses eller Walid er dei første eller dei siste som spør etter rettferda i tilværet. Men det bildet Walid al-Kubaisi teiknar når han går inn i dette store spørsmålet med den vesle anekdoten med ran og drap, og kallar det «livets rettferdige system», er særs problematisk.
Som ei forteljing som minner oss om at vi ikkje har oversikt over alt det som hender i verda, med oss og med andre, og kvifor det hender, er forteljinga heilt grei. Ingen ser alle samanhengar. Men det gudsbildet som denne forteljinga formidlar, er eit grotesk bilde av ein hemnar og ein tyrann.
Vi kjem ikkje utanom at tilværet er urettferdig – på godt og vondt. Å påstå at det er rettferdig at eg lever no og her og har det for det meste godt og greitt, er meiningslaust. Like meiningslaust som å hevda at det er rettferdig at tusenvis av menneske mister heim og fellesskap i Syria eller Palestina. Det meste av det som hender, er resultat av tilfelle og av gode og vonde ting vi gjer med kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.