Respekt for språkkulturen del 2

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Stein Fønstelien skreiv førre veke eit svar til leiaren min i Dag og Tid 11. februar om Hemsedal kommunestyre, som har vedteke å gå over til bokmål som skulespråk i kommunen, trass i at folkerøystinga gav fleirtal for nynorsk. Fønstelien er oppteken av elevane «som risikerer å tvinges til opplæring i et annet mål enn de ønsker».

No har ikkje elevane i Hemsedal vorte tvinga til særleg mykje. Dei elevane som har ynskt det, og det har vore fleirtalet, har hatt lærebøkene på bokmål og hatt bokmål som hovudmål.

Konsekvensen av at skulemålet er på nynorsk, er fyrst og fremst at læraren skal skriva nynorsk på tavla, og at administrasjonsspråket på skulen skal vera nynorsk. Det er ikkje eit overgrep mot nokon.

Eg held såleis fast ved at kommunestyret i Hemsedal burde respektert språkkulturen i kommunen og røysta i samsvar med fleirtalet i folkerøystinga.

PS: I motsetnad til innflyttarane til Hemsedal godtek foreldra alltid, friviljug eller ufriviljug, bokmål for borna sine når dei flyttar til bokmålskommunar. Såleis er det nok ingen nynorskelevar på Vestfossen, i Skien eller på Rena.