Religionens rolle i dagReligionSvein ÅråsvågBergenPater Kjell Arild Pollestad har i Dag og Tid nr. 3 i år eit debattinnlegg med tittelen: «Lutherdommen mot religionen». Teksten er ein kommentar til Håvard Rems artikkel om katolisismen i Polen i den føregåa

Publisert

Pater Kjell Arild Pollestad har i Dag og Tid nr. 3 i år eit debattinnlegg med tittelen: «Lutherdommen mot religionen». Teksten er ein kommentar til Håvard Rems artikkel om katolisismen i Polen i den føregåande utgåva av avisa. Det er lenge sidan eg har lese noko så reaksjonært i norske aviser.

Pollestad skriv at synda og frelsa nå er fjerna frå den moderne nordiske Lutheranismen, og at det då ikkje er noko att av det religiøse. Dette er eg samd i, men eg beklager det ikkje.

I den katolske kyrkja, som ikkje er så demokratisk, men desto meir hierarkisk, speler ritar og tradisjon ein langt større rolle, skriv Pollestad vidare. Dette er eg òg samd i, men eg ser på det som reaksjonært og anakronistisk. Ein slik religion føreset uopplyste menneske som er lette å lure og har behov for ein sterk autoritet å klamre seg til.

Pollestad skriv vidare at lutherske kristne nå har ei kjensle av å ha tapt noko. Kva har dei tapt? Meiner han at helvetesforkynninga til Ole Hallesby var betre for folk enn dagens meir liberale og tolerante versjon av luthersk kristendom? Det Den katolske kyrkja, som Pollestad representerer, kan tilby i staden for valet mellom himmel og helvete, er altså ritar, tradisjon og stemning, og dessutan ein absolutt autoritet å sjå opp til. Dette er ingenting anna enn mystifisert sjelemassasje, som sikkert kan vere helsefremjande for ein del menneske i ein vanskeleg livssituasjon, men der konkurrerer jo kyrkja med psykiatrien. Opplyste menneske vil gå til psykiater eller psykolog, dei mindre opplyste vil gå til messe.

Pollestad går så over til å skildre situasjonen i dagens Russland. Der er det jo ikkje Den katolske kyrkja, men Den ortodokse som dominerer, og han ser ut til å ha større sans for den enn for den nordiske Lutheranismen. Det verkar som ei regelrett glorifisering av kyrkjas rolle i Russland når han skriv om bestemødrene og prestane med dei skitne hendene som har halde religionens posisjon ved lag gjennom kommunisttida. Det er likevel dei same kreftene som i dag støttar Vladimir Putin i hans nasjonalistisk-autoritære politikk, som er i ferd med å ta landet tilbake til førmoderne tid, kulturelt og politisk. Patriarken av Moskva, Kyrill, er ein av dei fremste talsmennene for undertrykking av seksuelle minoritetar og politiske dissidentar. Den same tendensen ser vi i Polen, og der er det jo Den katolske kyrkja som rår.

Mot slutten av innlegget sitt har Pollestad ei avslørande politisk ukorrekt utgliding. Han skriv at den dominerande ideologien i den nordiske Lutheranismen er feminismen. Til det kan ein replisere at ein av dei dominerande ideologiane i Den katolske kyrkja er paternalismen, som pateren, logisk nok, ser ut til å vere tilhengar av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement