Rein spekulasjon om motivet til politietPRESSEETIKKKAJ SKAGEN BERGENI tilsvaret sitt til artikkelen min om VGs reportasjar og artiklar om korleis det australske politiet går fram for å nedkjempe pedofilinettverka, skriv sjefredaktøren i VG Gard Steiro at e
I tilsvaret til artikkelen min om VGs reportasjar og artiklar om korleis det australske politiet går fram for å nedkjempe pedofilinettverka, skriv sjefredaktøren i VG Gard Steiro at ein «ikkje (kan) slå fast» at den seinaste politiaksjonen var vellukka, slik den britiske avisa The Guardian gjer på grunnlag av det same materialet som VG har. Ville fleire born ha vore berga og fleire overgriparar stansa om aksjonen hadde vore avslutta før? «Korkje Skagen eller VG har svaret», skriv Steiro. Sjølvsagt ikkje, sidan aksjonen heldt fram. Men vi veit at politiet vurderte det slik at fleire ville bli berga, og fleire stansa, ved at aksjonen pågjekk så lenge som han gjorde, ettersom det tek tid å identifisere både born og overgriparar. Éin ting til veit vi: Steiro og VG har ikkje svaret. Sjefredaktøren seier dimed sjølv at kanskje var politiets vurdering rett. Seinare i tilsvaret tek han opp at denne uvissa om det er rett å nytte tidligare delte overgrepsbilete som forkledning under etterforskinga av nettverka: «Kanskje må barna finne seg i at politiet nyttar dei i det gode sin teneste. Eg er usikker.»
Men i VGs reportasjar og Steiros kommentarartikkel «Til barnets verste» 7. oktober, er det ikkje mykje slik uvisse. Politiet ofrar «både prinsipper og barns rettigheter», skriv Steiro der. I tilsvaret sitt skriv han at det er meir interessant kva det norske politiet meiner «enn om australsk politi var på rett side av lova»; men i kommentaren skreiv han at «politiet begår nye overgrep» og «brøt loven de skulle håndheve». Han antyda at politiet meinte det var «viktigere å samle bevis og bygge en gigantisk sak enn å hindre overgrep», noko som er rein spekulasjon om politiets motiv. Han hevda at politiet truleg «brøt FNs barnekonvensjon», at etterforskarane dreiv «utstrakt bruk av provokasjon for å samle bevis», ein påstand som ikkje er grunngjeven nokon stad i det materialet VG hittil har lagt fram.
Såleis er det ikkje berre ein stor diskrepans mellom det materialet VG har presentert i denne saka og dei konklusjonane dei trekkjer av det, men òg mellom det Steiro seier i VG og det han seier i Dag og Tid. Viss det verkeleg er slik sjefredaktøren seier, at han og avisa ikkje har svaret på kjernespørsmåla i saka og er usikre på korleis saka skal bedømmast, må ein meir enn undre seg over den einsidige og handlekraftige forma åtaket på etterforskarane har fått i VG. I skrivande stund har VG sidan den fyrste reportasjen 7. oktober hatt 15 nye reportasjar og artiklar om saka, alle med same tendens og mest utan motførestillingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.