Madagaskar
Regimeskifte på Madagaskar
På Madagaskar var det djup misnøye med regimet til avgåtte president Andry Rajoelina.
Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters / NTB
Det har foregått eit regimeskifte på Madagaskar. Landet i Det indiske havet har dei siste tiåra falle stadig djupare ned i fattigdom og elende. Nasjonen, som i dag har 30–32 millionar innbyggarar, skårar dårleg på alle statistikkar bortsett frå korrupsjon og fattigdom, der den tronar blant dei aller øvste. 75 prosent av folket er under FNs fattigdomsgrense.
I fleire månader har det ulma, og sidan 25. september har det vore store protestar. Utløysande faktorar har vore mangel på straum og vatn i dei store byane. Men under ligg ei djup misnøye med regimet til avgåtte president Andry Rajoelina.
Dei fredelege protestane er blitt møtt av tåregass og gummikuler. Deretter med gradvise innrømmingar fram til regimets fall: Ministrar blei fjerna, regjeringa blei avsett. Presidenten, som er fransk statsborgar, har rømt landet i eit fransk militærfly, truleg evakuert til Dubai.
Dette er ikkje eit militærkupp. Gjennom heile prosessen har aktørane forsøkt å halda seg så nær som råd til forordningane grunnlova gir. Den 14. oktober vedtok nasjonalforsamlinga så mot to stemmer at presidenten skal stillast for riksrett. Det inneber at han er avsett. Samtidig bad dei eit militært råd danna eit overgangsstyre som så snart som mogleg skal utnemna ei sivil overgangsregjering. Innan to år skal det haldast val. Overgangspresidenten, oberst Michael Randrianirina, blei tatt i eid laurdag den 17. oktober.
Det som skjer på Madagaskar, er eit fredeleg opprør mot eit styre som har utvikla seg negativt over tid. Dei er ikkje aleine. Fleire av nabolanda opplever òg sterke protestbølger frå den yngre generasjonen. I fleire land i området er styresmaktene truleg nervøse no. Både Den afrikanske unionen (AU) og Samarbeidsorganisasjonen for det sørlege Afrika (SADC) har oppheva Madagaskars medlemskap. Også FN har protestert.
Dette bygger på feil tolking av det som skjer. Truleg speglar det også ei frykt for at liknande protestar skal ramma andre land i regionen. Om ikkje det nye regimet blir anerkjent, er det fare for å skyva endå eit afrikansk land nærare russisk og nordkoreansk innverknad. I lys av Madagaskars geopolitiske posisjon er dette lite ønskeleg. Det nye regimet på Madagaskar fortener støtte og ikkje avvising.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.