Reformene kosta Høgre regjeringsmakta

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg hadde ottast det. Eg vona at det ikkje skulle verta so gale. Men diverre har Høgre ein hang til sjølvskading når det har, eller kan få, regjeringsmakt. Folkerøystingar og primadonnanykker har tre gonger dei siste 50 åra ført partiet ut i den politiske øydemarka. Kvar gong har partiet berre hatt seg sjølv å takka for det.

Natt til tysdag la partiet ut på ei ny ørkenvandring. Og kommentarane valnatta tyder på at sentrale arkitektar attom politikken dei siste åtte åra ikkje har forstått kva som har hendt. Det er vel og bra å meina at strukturreformene i politi og lokalstyre og domstolar var både nyttige og naudsynte. Men det vitnar om at policy, offentleg politiske tiltak, har fått høgare prioritet enn politics, å få røyster i val.

Kor mange røyster Høgre tapte på strukturreformene er uviteleg. Det er grunn til å tru at tiltaka i beste fall fylte mogelege høgreveljarar med djup likesæle. Og difor med ei kjensle av at dei var meiningslause. Og at Vy var eit toskete namn. Derimot mobiliserte reformene motstand frå første dag. Om det er nokon substans i kritikken, spelar inga rolle. Ingen i Høgre tok reformene i forsvar. Så dei kan umogeleg ha vore viktige for partiet…

Politikk som passiviserer eigne veljarar og mobiliserer motstandarane er ein søknad om tapa ved neste val.

At reformene kosta Høgre regjeringsmakta, er det liten tvil om. Senterpartiet gjorde eit historisk godt val i Høgre sitt kjerneområde i Midthordland. Størst framgang i samanslegne kommunar som Øygarden (før Fjell, Sund og Øygarden), frå 1,9 prosent i 2013 til 8,3 prosent i 2021, og Bjørnafjord (før Os og Fusa), frå 1,5 prosent til 11,9 prosent. I resten av kommunane i Hordaland har Sp grovt sett dobla røystetala sine. Så det er umogeleg å vita om oppslutnaden om Sp i Granvin (hev vore), 47,3 prosent, kjem av samanslåinga med Voss. I dei ytste teljekrinsane i Bergen har Sp også gjort det historisk sterkt. I Vadmyra, drabantby i Bergen på landsida av Sotrabrua, vart røystetalet femdobla i høve til 2013 – frå 1,2 til 5 prosent.

Og Høgre?

Gjekk frå 36 prosent i Øygarden i 2013 til 26,7 prosent i 2021, i Bjørnafjord frå 32,1 prosent til 25,4 prosent, i Alver (før Lindås, Meland og Radøy) frå 27,9 prosent til 21,1 medan Sp der gjekk frå 7,8 prosent til 17,2 prosent.

Uvissa om oljeverksemda si framtid ser ikkje ut til å ha avgjort valet. Alle kystkommunane i Hordland er «oljetunge», om enn nokre meir enn andre. Men i Bømlo, Stord og Sveio gjekk ikkje Høgre attende med meir enn 1,2 høvesvis 3,5 og 3,2 prosent i høve til 2013. I ein «oljerøystekrins» som Sandsli i Bergen er talet 5,9 prosent. Som er marginalt mindre enn det samla veljartapet på 7,1 prosent i heile kommunen. Men det er i Nordhordland (med Bergen) at Høgre har gått mest attende nasjonalt, og det er i Bergen partiet har tapt flest røyster, 8875, i høve til 2013.

Noko kan koma av uvisse om eller misnøye med oljepolitikken, noko kan koma av taktisk røysting på Venstre i dei danna forstadane, noko kan koma av regjeringsslitasje og vonbrot over at Erna ikkje har gjort meir for Bergen, noko kan koma av Bergen Høgre. Uansett har 5694 bergensveljarar sidan 2013 overtydd seg sjølve om at Sp sin politikk er den beste for nasjonen.

No er det neppe slik at heile Sp sin framgang kjem av tilsig av høgreveljarar. Dei tok sikkert nokre frå Frp òg.