Reform av valdtektsstraffebodet?

Samleie med nokon som berre verbalt motset seg det, vil i dag ikkje vere valdtekt.
Samleie med nokon som berre verbalt motset seg det, vil i dag ikkje vere valdtekt.

Om ein er «oppriktig» samtykkande til sex, kan vere vanskeleg nok å vite for dei involverte i situasjonen, endå vanskelegare for domstolen i ettertid.

Publisert

Det er ulike meiningar om valdtektsstraffebodet bør reformerast eller ikkje. Nokre, slik som regjeringspartia, vil halde på dagens regulering. Andre, særleg SV og Amnesty, vil ha reform. Mange premissar er i spel – om internasjonal rett, påståtte manglar ved det noverande straffebodet, og dei få tiltalane og endå færre domfellingane for valdtekt i rettsapparatet. Det siste handlar rett nok mest om bevisproblem i valdtektssaker, som gjerne vil følgje med same kva (rimeleg) straffebod vi har.

Internasjonal rett legg plikter på oss, men viktigast her er det samla området for det straffbare. Kort sagt pliktar vi å gjere alle tilfelle av seksuelle krenkingar straffbare. Valdtektsstraffebodet er supplert av andre straffebod, slik som paragraf 297 om seksuell handling utan samtykke. Samla sett oppfyller vi dag dei internasjonale pliktene våre på området. Det kan likevel vere at vi kan nå ei (endå) betre seksualstraffelovgjeving. Her bør vi starte med å sjå etter manglar ved noverande regulering.

Valdtektsstraffebodet, som vart utvida seinast i 2000, dekker i dag dei krenkingane som synest mest nærliggande å kalle «valdtekt». Det skal òg lite til før det ligg føre «vold» eller «truende atferd» etter paragraf 291 bokstav a, slik at ein lett kjem i ansvar. Det er nok å bruke kroppsvekta si til å halde nokon nede, presse lår frå kvarandre eller rive av offeret trusa. Tilfelle av ufrivillig samleie vil oftast ha eit slikt element, eller at offeret er i ein «ute av stand»-tilstand. Andre tilfelle vil i så fall verte fanga opp mellom anna av den nemnde paragraf 297.

Uklar rekkevidde

Valdtektsstraffebodet i norsk rett er på mange måtar ei relativt streng regulering som famnar relativt vidt. Men kan det likevel rettast innvendingar mot reguleringa?

Det er sider ved straffebodet som er verde å ta opp til vurdering. Rekkevidda av straffebodet er til dømes uklar. Ikkje minst «ute av stand»-alternativet er lite presist og har ei uklar grense mellom anna mot paragraf 295 om misbruk av overmaktsforhold. At minstestraffa på tre år etter paragraf 292 stenger for meir nyanserte straffer, er eit anna problem. Særleg viktig vil det likevel vere om det er krenkingar som ikkje vert ramma av valdtektsstraffebodet, men som er like alvorlege som dei som vert det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement