Reelle problem og fransk innvandring
«Saman for republikken» står det på banneret som ordførar Vincent Jeanbrun og president i det franske senatet Gerard Larcher med fleire går bak til støtte for republikken og mot opptøyane i landet.
Foto: Stephanie Lecocq / Reuters / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Frankrike
Øivind Østberg godtek ikkje innvandringstala som eg har lagt fram frå det franske statistiske sentralbyrået (INSEE). Tala ligg ope tilgjengeleg på nettet, eg har ikkje dikta dei opp. Østberg diktar derimot fritt vidare.
Påstanden som er implisitt hjå Østberg, er at muslimar fløymer inn i Frankrike. Då har han eit forklåringsproblem: Islam har vore i landet sidan mellomalderen. Montesquieu skreiv såleis, i positiv tone, om muslimane. Det er i dag godt under seks millionar som soknar til 2500 franske moskear, og lever heilt lovlydig, ifylgje det effektive franske overvakingspolitiet.
Visst går det føre seg kampanjar som gjev radikalisering. Fråfalne muslimar er og blir mest utsette for denne valden. Vi kan ikkje avskaffe fransk historie. Men i forsøka på just det vert Frankrike ridd av gamle og nye bortforklåringar av sosiale skilje og motsetnader, der påstanden helst er at det vonde kjem utanfrå.
Den dag i dag har ein vondt for å omtale Dreyfus, kollaboratørane under andre verdskrigen, kolonikrigane, Algeriekrigen, romantiseringa av kommunismen, notidas nykolonialisme og den raskt veksande sosiale nauda. Dette er alt saman døme på noko ein utlending for all del ikkje må nemne fyrst i ein bistrosamtale. Like fullt: Lite er meir opplyst enn just stoda for islam i Frankrike.
Den største folkeflyttinga inn til Frankrike er frå EU, USA og Canada. Den er dels mellombels, liksom for dei 300.000 studentane som kvart år kjem frå heile verda; berre fåe finn grunn til å verte verande. Innvandringa er godt kontrollert – bortsett frå den illegale.
Når Østberg kritiserer statleg medisinhjelp til illegale som oppsøkjer slikt, seier han ikkje kva ein elles burde gjere. Slik held trass i alt staten kontroll med dei illegale som ikkje går under jorda. Det som ikkje er kontrollert, er den sosiale utviklinga i pressa forstadsmiljø. Der vert det øvd aktiv propaganda frå venstre- og høgreorienterte identitære rørsler og andre aktørar som profitterer på uro, såleis islamistiske jihadist-entusiastar.
«Etnisk fransk» er ikkje eit fransk omgrep. Når høgresida nyttar uttrykket «français de souche», «opphavleg fransk», sukkar forstandige folk. Frå Normandie via Alsace til Midi-området og oppover vestkysten (gamle engelske Aquitaine) er allslags blanda inn. I Marseille ser ein mange som kan sjå arabiske ut, men dei er likså gjerne kristne frå Karibia eller Madagaskar. Bretonarane hevdar at dei er rette etterkomarar av keltarar – og framleis ikkje retteleg franske.
Den femte republikken kom i 1958. 22 franske etterkrigsregjeringar hadde til då ført krigar i Indokina, Algerie, Madagaskar og elles. Algerie vart sjølvstendig i 1962, deretter vart franske koloniar avvikla suksessivt. Det Frankrike vi kjenner i dag, er det gaullistiske frå 1962. Det eksisterer på bakgrunn av massiv innvandring frå det som no er oversjøiske fylke, og etterkomarar av tidlegare koloniar, forutan menneske frå alle land i verda.
Eit skifte kom med flyktningane frå Algerie under borgarkrigane i 1990-åra, om lag 30.000–40.000 i året (kjelde: fagtidsskriftet Confluences Méditerranée 2011/2). Mange var fødde før 1962, desse hadde jo automatisk rett til å busetje seg i landet, og så var det slektningar av desse og av arbeidsinnvandrarar på 1970-talet.
Mange kvinner gøymde seg i eigne enklavar utan å lære språket, utan å få jobb – men med sterke, meir ortodokse oppfatningar om religion enn dei før tilkomne, noko dei lærte sønene opp i. Gettokulturane vart sjølvstadfestande. Såleis oppstod kohortar av unge menn opplærte til å tukte usømelege kvinner, straffe fråfalne, gå i koranskule, ta hemn for tidlegare urett mot Algerie og i kolonitida og i det heile melde seg ut or samfunnet.
Her finn ein sjølvsagt òg utgliding mot narkolanging, småkriminalitet og så bortetter. Frå Institut Montaigne i samarbeid med Ecole Normale Supérieure er det kome ei rad studiar om manglande integrering – men òg om aktiv, vellukka deltaking av innvandrarar i lokalpolitikk, kultur og anna samfunnsliv. Det er også vist at fengsla fungerer som terror- og kriminalitetsskular.
Østberg nemner ein rapport frå marknads- og meiningsmålingsinstituttet IFOP om haldninga til drapet på Samuel Paty i 2020. Viktigare var boka La tentation radicale på 455 sider frå 2018 av Olivier Galland og Anne Muxel. Prosjektet etablerte indikatorar på radikalisering mellom ungdom, som IFOP og andre har utnytta sidan. Prosjektet vart kosta av det franske forskingsrådet (CNRS) og granska haldningar mellom vidaregåandeelevar. Ein såg på tilhøvet mellom sosiale miljø, regionar, religionar og studieliner. Her fann ein mellom anna at av gutane – ikkje jentene! – uttrykte heile 25 prosent forståing for terroristar av Charlie Hebdo- og Bataclan-typen.
Fundamentalismen hadde i 2018 sett seg godt – også hjå katolsk ungdom, med avvising av evolusjonsteori, moderne vitskap og så bortetter. Tidlegare innvandra generasjonar tedde seg lojale overfor dei suksessive franske republikkane. No opplever nokre etterkomarar seg ekskluderte, mindre franske enn før, hemngjerrige. Difor meiner dei at dei forstår terroristar. Dei utøver ikkje terror av den grunn. Vandalisering av kyrkjer er likevel eitt syrgjeleg uttrykk, verre er det med synagogane, som Østberg ikkje nemner.
Gulvest-opprøret var just ikkje imot at regjeringa favoriserte innvandra muslimar. Ein ergra seg over globalismen og spesialistar med ny kompetanse som Frankrike sjølv har forsømt å utvikle, i stillingar som erstattar tidlegare arbeidsplassar. Protestane var mot deklassering, tapte privilegium, tapt transport, dyre bustader, tapte jobbar, auka skattar og avgifter, og ikkje minst nedvurderinga frå styresmaktene og eliten i byane. Fleire og fleire kjenner på svik frå leiarar dei før hadde tillit til.
Skal landet som utvikla menneskerettane og er bygd på innvandring, hive innvandrarane ut? Kva med dei som har vore franske i generasjonar? Heller ikkje Østberg har svar. Kvar og ein vert vel framleis salig i sitt eige trau. Men Frankrike vert ikkje frelst på det viset.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.