Rebellen Jon BiografiJoar TranøyJon (1846–1930) frå Hardanger var lærar, forfattar og avismann. Mest kjend er
Jon Flatabø (1846–1930) frå Hardanger var lærar, forfattar og avismann. Mest kjend er Flatabø for bøkene sine, som fekk fleire lesarar enn mange store samtidsforfattarar som til dømes Jonas Lie og Alexander Kielland. Det er lite kjent at Flatabø redigerte eit antimilitaristisk og antikyrkjeleg tidsskrift med namnet Morgengryet i 1880- og 1890-åra. Morgengryet kosta berre éi krone årleg. Morgengryet omtala «krigens afskaffelse, massemordenes ophør og menneskeslagteriets forsvinden». Flatabø deltok i Fredssamfundet og Nordisk forening mod krig.
Flatabø var radikal og assosiert medlem i miljøet til Kristianiabohemen og gjekk god for Kristianiabohemens femte bod: «Du skal hade og foragte alle bønder, saasom: Bjørnstjerne Bjørnson, Kristofer Kristofersen og Kolbenstvedt.» Bjørnson kalla slike som Flatabø for toskar og meinte at Flatabø og hans strid for fredsrørsla var eit «fredsfaar».
Flatabø var ven med Ivar Aasen, som han vitja i Kristiania byrjinga av 1890-talet:
«En dag jeg kom ind til ham, holdt Ivar just paa at trække op en flaske akevit. ‘Er det dig, Jon’, sa han og tilla med et pollisk smil: ‘Er det ikke besynderlig, at en aldrig skal faa ha noget for sig selv her i verden? Jeg vilde just skjenke mig en dram, og saa kommer du, og jeg blir nødt til å skjænke dig med.’»
I 1891 kverrsette politimakta Flatabøs underlege skrift Kristianiaromanen, ei trykksak på om lag 500 sider som inneheldt reportasjar frå det farlege Kristiania: populærvitskaplege artiklar og forteljingar om ekteskapssvindlarar, utuktige prestar og bondefangarar i Vaterland, anekdotar frå den amerikanske borgarkrigen, Martin Luthers møte den romerske kardinalen og om taterar.
Boka skildrar mellom anna samleie under buskane i Slottsparken, rett under barten på statuen av kong Oscar II. For denne usedelege publikasjonen måtte Flatabø sona 60 dagar i fengsel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.