Realitet om krigen i Ukraina
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eirik Klepsvik skuldar i innlegg i nr. 31 denne avisa for einsidig framstilling av Russland i krigen mot Ukraina.
Etter mitt syn ber innlegget preg av manglande realitetsorientering, i motsetnad til denne avisa sin journalistikk i samband med krigen. Heng det på greip å kalle til dømes forfattaren Andrej Kurkov sine skildringar av livet i Ukraina etter invasjonen for «hobby-psykologisk synsing»?
Etter invasjonen den 24. februar og korleis han vart grunngjeven av Putin, sette eg med føre å lese meg opp på den seinare historia om og kring Russland. Det har tydelegvis Klepsvik ikkje gjort.
Det er god grunn til ikkje å stikke under stol kva gale USA og Nato har gjort og vore med på andre stader, men for å forstå litt av kva som no skjer i Ukraina, Russland, dei tidlegare Sovjetrepublikkane og Aust-Europa, må ein vel først og fremst orientere seg utifrå utviklinga i denne aktuelle delen av verda?
Som nr. 1 held eg fram Hans-Wilhelm Steinfeld si bok om Putin (Cappelen Damm 2022). Han har meir enn 40 års røynsle som kjennar av Russland og nabolanda, og har i tillegg solide historiske kunnskapar. I tillegg til å vere ei skarpsynt analytisk skildring av Putin si utvikling fram mot den diktatoren han er i dag, er det òg ein glimrande historisk framstilling av utviklinga i Sovjet/Russland og Ukraina og fleire av dei tidlegare Sovjetrepublikkane før og etter unionsoppløysinga i 1991.
Ein kan og gjerne lese Timothy Snyder: Ukraina (Press 2022), John Færseth: Ukraina, Landet på Grensen (Humanist forlag 2022) og Erika Fatland: Grensen (Kagge 2017). Klepsvik (og andre?) bør kunne vise til andre bøker, analyser eller bidrag, viss ein meiner at dette gir eit for einsidig bilete.