Reaksjonær mentalitet?TURISMEBERIT KLEPPDag og Tid har i større artiklar og utval av lesarinnlegg gitt uttrykk for bekymring over turistflaumen. Pengar er blitt viktigaste verdi, og vi «prostituerer» vår nasjonale kultur.

Publisert

Dag og Tid har i større artiklar og utval av lesarinnlegg gitt uttrykk for bekymring over turistflaumen. Pengar er blitt viktigaste verdi, og vi «prostituerer» vår nasjonale kultur.

Eit liknande syn finn me att hos Knut Hamsun. Så blei han skulda for å vera reaksjonær, og ein sette det i samband med hans sympati for nazi-Tyskland.

Er ikkje mange (inkludert meg sjølv) i dag i ferd med å bli like reaksjonære? For meg er det eit tankekors.

Høgreekstreme fryktar at det nasjonale skal drukna og reagerer stundom med vald. Denne tendensen finn me i mange land, jamvel Tyskland, som har vore nøydd til å ta sterk avstand frå ei nasjonal fortid. Nydyrkinga av det nasjonale der er ikkje avgrensa til populistiske miljø, også intellektuelle er påverka. «Finis Germania» er tittelen på ei ny, mykje omtala bok, der det skjebnebestemte Ragnarok i 1945 gjentar seg. Og Angela Merkel, som har valet i haust å sjå fram til, har måtta moderera sitt flyktningvennlege syn: Landet skal i år ta i mot 300.000. Walid Al-Kubaisi opplevde møtet med ein flyktningleir som eit dilemma.

I tillegg kjem forureininga. Dei mest kjende turistmåla er skjemde av alle slag søppel. Lokale innbyggjarar er lite begeistra for påfunna, men er redde det skal bli kjent, for då kjem det færre turistar, og det blir mindre inntekter. Det er eit dilemma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement