Raudt i vekst

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det er vanskeleg å vere misnøgd når nokon nyttar tida si på å diskutere at Raudt veks, slik vi ser over tre sider i Dag og Tid 18. februar. Mellom anna som emne i eit større retrettintervju med Arbeidarparti-koryfeen Martin Kolberg.

Kolberg har tidlegare løfta det politiske ordskiftet med skarpe observasjonar. Eg håper likevel ikkje haldninga hans til Raudt er så representativ for Arbeidarpartiet som han sjølv skal ha det til.

På den eine sida seier Kolberg at Arbeidarpartiet må ha «ambisjon om å vere ei samlande kraft. Derfor er det viktig for oss å samle venstresida, slik at ho er sterk nok samla til å halde høgresida vekke frå regjeringskontora. Det er det viktigaste». Då gjev det lite meining når Kolberg på den andre sida avviser noka form for samarbeid med Raudt.

Her trur eg Arbeidarpartiet gjer lurt i å lytte til veljarane, som har dobla si støtte til Raudt i fleire val på rad. Folk har eit sterkt ønske om forandring. Det såg vi i valet sist haust. Når regjeringa ikkje lever opp til forventingane, går heldigvis mange til Raudt som eit alternativ på venstresida. Det logiske ville vore å gle seg over dette, framfor at fleirtalet svingar tilbake til høgresida.

Raudt gjekk til val på ei samarbeidsavtale med ei ny regjering, for å sikre ny kurs og kraftfulle tiltak. Vi har streka under at døra vår står open for samarbeid om ein ny politikk som tener vanlege folk sine interesser. Regjeringspartia kan kome til Raudt for ein politikk som faktisk får ned skilnadane, og som tek kontrollen over kraft, arbeidsliv og velferd tilbake frå marknaden.

I fleire viktige saker har Arbeidarpartiet valt å basere politikken sin på forlik med høgresida. Om Arbeidarpartiet held denne kursen, og heller samarbeider med høgrepartia enn med Raudt, er det ei oppskrift på å splitte venstresida, ikkje samle og styrkje ho. Om regjeringa tvert om vil bruke det historisk sterke fleirtalet folk stemte fram i stortingsvalet, så står Raudt klare.

I tillegg kjem den erfarne valforskaren Tor Bjørklund med interessante syn på fornyinga av Raudt. Eg stussar jamvel over resonnement hans om at «(i)dealet i den muskuløse jern- og metallarbeidaren er bytt ut med barnevernspedagogen. Ingen av dei folkevalde i stortingsgruppa er arbeidarar. Før var det sånn at dei høgt utdanna røysta borgarleg. Den samanhengen er snudd på hovudet. Høg utdanning peikar no snarare mot venstre enn høgre». Det er mogleg noko av dette stemmer i ein spesifikk, akademisk sjargong. Røyndomen er meir samansett.

I stortingsgruppa vår har vi både representantar med akademisk utdanning og representantar utan. Vi har ein utdanna barnevernspedagog som kom rett frå barnehagejobb, ein som har vore kystfiskar, småbrukar og journalist, og ein doktorgradsstipendiat. Tal frå den store undersøkinga Forbruker & Media (Kantar) syner at mange av dei nye veljarane til Raudt ikkje kjem rett frå universitetet, men er ufaglærte arbeidarar, uføre eller arbeidsledige. Samstundes har vi veljarar med ulik utdanning, og vi veks i heile landet. Vi er glade for kvar einaste ein som vil vere med i ei brei og sterk folkerørsle mot Forskjells-Noreg.