Rare val i «Norsk lærebokhistorie» BOKMÅLOTTAR GREPSTADVOLDANokre av dei fremste lærebokforskarane i landet har skrive oversynsverket

Publisert

Nokre av dei fremste lærebokforskarane i landet har skrive oversynsverket Norsk lærebokhistorie. Der har dei gjort nokre rare val.

Alt på omslaget dukkar mistanken opp. Etter litt blading her og der, slik ein gjerne gjer med nykjøpte bøker, aukar uroa. Lesinga stryk ut tvilen. Kvartetten Dagrun Skjelbred, Norunn Askeland, Eva Maagerø og Bente Aamotsbakken ved Høgskolen Sørøst-Norge, har samla sine mengder av kunnskap om norske lærebøker i eit gjennomillustrert verk på 587 sider. Her er mykje som berre dei kunne ha skrive, og derfor er den nødvendige kritikken så uventa.

Dette er biografien over Noreg, skreiv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i meldinga si i Dag og Tid 25. august 2017. Viss det er det, er der fleire og større kvite flekkar enn dei han peikar på.

Norsk lærebokhistorie handlar i all hovudsak om bokmålsutgåvene av lærebøkene. Berre eit fåtal av sitata er henta frå nynorskbøkene, og det same gjeld bilda. Dei fleste av desse sitata og omtalane gjeld abc-bøker og andre lærebøker i norsk. I denne historia tek nynorskbøkene seg sjeldan ein sving utom kvardagen i norsktimane, og når dei gjer det, er det helst før 1940. Det var altså ikkje tilfeldig at berre eit par av 27 framsider på omslaget til verket tydeleg er frå nynorskbøker.

I innleiinga peikar forfattarane som snarast på at nynorskutgåvene gjerne har kome seinare enn bokmålsutgåvene. Særleg praktiske fag og yrkesfag har alltid mangla lærebøker på nynorsk, men det blir ikkje nemnt. I dette språklege fråværet blir det skrive litt om korleis lærebokspråket blei endra med tida, men ikkje noko om eventuelle skilnader mellom bøkene på bokmål og nynorsk.

Som pedagogen så gjerne spør: Kva kan grunnen vere? Som konsekvensetikaren helst svarar: Det er resultatet som tel, ikkje intensjonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement