Morten Traavik har fredag 28. oktober eit svar til mitt tilsvar til hans tidlegare innlegg. Han byrjar med å nemne at Kulturrådet frå nyttår er underlagt Kulturdirektoratet. Det er feil. Kulturrådet vart oppretta i 1965 for å forvalte Norsk Kulturfond på armlengds avstand frå styresmaktene. Eit viktig prinsipp. Ein vesentleg del av statens tilskot til kunst og kultur skal bli tildelt utan detaljstyring frå politisk hald.
Dei første tiåra hadde Kulturrådets administrasjon som einaste oppgåve å vere sekretariat for rådet som forvalta Kulturfondet. Frå 2000-talet fekk administrasjonen stadig fleire direktoratsoppgåver frå Kulturdepartementet. Dei siste par tiåra har det difor vore forvirring om kven som er avsendar av bodskap og pengar når det har stått «Kulturrådet» på brevhovudet. Direktoratet som arbeider med kultur for departementet, blir frå nyttår til Kulturdirektoratet.
Rådet som forvaltar Norsk Kulturfond på armlengds avstand og er rådgivande organ for staten i kulturspørsmål, blir heitande Kulturrådet. Kulturrådet blir ikkje underlagt Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet har i oppgåve å vere sekretariat for Kulturrådet. Traavik skriv: «La oss derfor jobbe sammen for å holde avstanden mellom Kulturdirektoratet og Lurekordiktatur.» Ut frå hans innlegg er det vanskeleg å forstå kva han meiner med dette.
Traavik skriv at Traavik.info fekk «for første gang på mange år, og uten forvarsel, avslag på sin søknad om fortsatt statsstøtte gjennom Kulturrådets ordning for fri scenekunst.» Slik 80 prosent av søkarane fekk i denne runden. Forvarsel? Da må alle søkarar få varsel. Når det er søknadsbaserte ordningar, ligg det i korta at avslag er eit mogleg utfall.
Traavik nyttar ein del plass på å skrive om alt han ha fått til. Det er ingen tvil om at han har fått til mykje. Mykje bra. Det er nok også grunnen til at Kulturrådet har gitt han såpass mange millionar i tilskott. Fleire millionar enn dei fleste kunstnarar får.
Traavik spør om eg er samd i påstanden om at han og Are Søberg (sløseriombudsmannen) no og i lang tid framover vil vere «Scenekunst-Norges mest radioaktive menn». Det veit eg ikkje. Men ut frå kva eg ser, held båe to koken og får bra med spalteplass og olbogerom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.