JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Råd og direktorat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3518
20221104
3518
20221104

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kunst

Morten Traavik har fredag 28. oktober eit svar til mitt tilsvar til hans tidlegare innlegg. Han byrjar med å nemne at Kulturrådet frå nyttår er underlagt Kulturdirektoratet. Det er feil. Kulturrådet vart oppretta i 1965 for å forvalte Norsk Kulturfond på armlengds avstand frå styresmaktene. Eit viktig prinsipp. Ein vesentleg del av statens tilskot til kunst og kultur skal bli tildelt utan detaljstyring frå politisk hald.

Dei første tiåra hadde Kulturrådets administrasjon som einaste oppgåve å vere sekretariat for rådet som forvalta Kulturfondet. Frå 2000-talet fekk administrasjonen stadig fleire direktoratsoppgåver frå Kulturdepartementet. Dei siste par tiåra har det difor vore forvirring om kven som er avsendar av bodskap og pengar når det har stått «Kulturrådet» på brevhovudet. Direktoratet som arbeider med kultur for departementet, blir frå nyttår til Kulturdirektoratet.

Rådet som forvaltar Norsk Kulturfond på armlengds avstand og er rådgivande organ for staten i kulturspørsmål, blir heitande Kulturrådet. Kulturrådet blir ikkje underlagt Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet har i oppgåve å vere sekretariat for Kulturrådet. Traavik skriv: «La oss derfor jobbe sammen for å holde avstanden mellom Kulturdirektoratet og Lurekordiktatur.» Ut frå hans innlegg er det vanskeleg å forstå kva han meiner med dette.

Traavik skriv at Traavik.info fekk «for første gang på mange år, og uten forvarsel, avslag på sin søknad om fortsatt statsstøtte gjennom Kulturrådets ordning for fri scenekunst.» Slik 80 prosent av søkarane fekk i denne runden. Forvarsel? Da må alle søkarar få varsel. Når det er søknadsbaserte ordningar, ligg det i korta at avslag er eit mogleg utfall.

Traavik nyttar ein del plass på å skrive om alt han ha fått til. Det er ingen tvil om at han har fått til mykje. Mykje bra. Det er nok også grunnen til at Kulturrådet har gitt han såpass mange millionar i tilskott. Fleire millionar enn dei fleste kunstnarar får.

Traavik spør om eg er samd i påstanden om at han og Are Søberg (sløseriombudsmannen) no og i lang tid framover vil vere «Scenekunst-Norges mest radioaktive menn». Det veit eg ikkje. Men ut frå kva eg ser, held båe to koken og får bra med spalteplass og olbogerom.

Traavik påpeiker at eg ikkje har respondert på ei oversikt han har sendt, over 29 tilfelle av «Kulturrådets negative forskjellsbehandling og utfrysing av Traavik.info fra Norsk Kulturråd mellom januar 2020 og dags dato ( … )». Eg stod i kopifeltet da Traavik sende inn sin klage på vedtak til Kulturrådet, det var der eg fekk lista. Det ville vore spesielt, og uheldig, om eg skulle ha ein kommunikasjon med Traavik om innhaldet i klagen samtidig som klagen blir handsama i Kulturrådet. Og problematisk om eg skulle kommentere klagen her i Dag og Tid. I perioden han nemner, har han mottatt millionar frå Kulturrådet. Han uttalar sjølv at han aldri har fått avslag på ein søknad til Kulturrådet frå 1998 og fram til avslaget i 2022. Det er sjeldan. Av dei drygt 8000 søknadene Kulturrådet får kvart år, er det omkring 5000 som ender med avslag.

Traavik uroar seg over at eg meiner Kulturrådets ordningar skal bli påverka av rådets strategi og våre prioriteringar. Det er Kulturrådets oppgåve å forvalte Norsk Kulturfond til beste for norsk kunst- og kulturliv. Ein naturleg del av denne oppgåva er å gjere prioriteringar og strategiske val. Gjer vi ikkje det, tar vi ikkje det forvaltingsansvaret vi har fått, på alvor.

Sigmund Løvåsen er rådsleiar
i Kulturrådet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis