Propagandakrigen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Forskar Julie Wilhelmsen snakka 14. februar på P2 om Russlands og USAs ulike «verdssyn». Dei gir kvarandre skulda når dei er i konflikt. Propaganda har alltid vore brukt i krig og konflikt, men slik polarisering er farleg, for det kan blokkera for dialog og forhandlingar. Me vil gjerne tru at Russland serverer propaganda, medan våre allierte serverer sanninga. Det dominerande biletet media gir, er derfor «demonisering» av Russland og «glorifisering» av USA/Nato.
Per Anders Todals kommentar «Imperiet slår attende» i Dag og Tid 4. februar speglar dette. Han viser til historia og argumenterer for at Putin vil atterreisa imperiet. Men historia kan også gi ei anna forklaring på kvifor Putin reagerer så sterkt på eit eventuelt ukrainsk Nato-medlemskap. Både under Napoleonskrigane og første og andre verdskrigen vart Russland invadert frå vest. Ein annan leiar i Putins stilling ville også vore sterkt uroa over Nato-utvidinga.
Dokument på National Security Archive ved Georg Washington University viser at det kom fleire løfte frå vestleg hald om at Nato ikkje skulle utvidast då Sovjet og Warszawa-pakta vart oppløyste. Utanriksminister Baker lova at Nato ikkje skulle «move one inch further east». Natos generalsekretær Manfred Wörner sa i 1991 at 13 av 16 land var mot Nato-utviding av omsyn til Russlands tryggingsbehov. I dag tek ikkje Nato slike omsyn. Tidlegare Warszawapakta-land og tidlegare Sovjetrepublikkar er nå Nato-medlemmer, og Russland har fått Nato «på dørstokken». At Natos militærbudsjett er femten gonger så stort som Russland sitt gjer det ikkje meir triveleg. Dei hugsar nok også USAs reaksjon då Sovjet ville plassera rakettar på Cuba, USAs «dørstokk».
Rune Ottosen, journalist-professor, vart også intervjua på P2 14. februar. Han fortalde mellom anna at journalistar hadde bede om dokumentasjon på USAs stadige påstandar om ein snarleg russisk invasjon av Ukraina. Dei hadde fått til svar at det var gradert informasjon. Kvifor kjem USA stadig med slike påstandar? Ved nokre tidlegare tilfelle har det vist seg at USAs påståtte informasjon ikkje var til å stola på. Etter direkte løgn i Tryggingsrådet invaderte USA Irak i 2003. Powell angra sidan på det han hadde sagt i FN. Vedtaket om å bomba Libya i 2011 bygde også på feilaktig informasjon. For begge landa vart konsekvensane katastrofale.
Noko som uroar mange i dag, er auken i ekstrem nasjonalisme i mange land. Dette gjeld også Ukraina. Det vart mellom anna reist ein statue av «folkehelten» Bandera, ein fascist frå mellomkrigstida. Statuen vart visst riven, men ideologien som låg til grunn, vart nok ikkje borte. Ein viktig grunn til opprøret i aust var forbodet mot russisk i skulane. Dei russisktalande innbyggarane kravde då meir sjølvråderett, eventuelt tilknyting til Russland. Språkkravet er eit rimeleg minoritetskrav. Dette var vel også eit av punkta i Minsk-avtalen. Kvifor har ikkje Vesten lagt meir press på Kiev for å leva opp til denne avtalen? Kanskje kunne utviklinga ha vore meir positiv då.