Produktivitet

«Framtida er ikkje det ho ein gong var», Dag og Tid 28. april.
«Framtida er ikkje det ho ein gong var», Dag og Tid 28. april.
Publisert

I Dag og Tid 28. april har Per Anders Todal ein artikkel: «Framtida er ikkje det ho ein gong var», med undertittel: «Når kjem dei eigentleg, dei store vinstane frå datarevolusjonen?»

Svaret på det spørsmålet er at slike vinstar har vi hausta heilt frå starten av denne revolusjonen for om lag 60 år sidan, då dei første transistorbaserte stormaskinene kom til landet. (Den starten var eg med på.) Det er ikkje berre tilsynelatande at vi lever i ein epoke med rivande utvikling, slik han startar artikkelen med å hevde.

Det som er problemet, er at vi ikkje har noko skikkeleg mål på dei vinstane det her er tale om. Dei måla ein har (til dømes produksjon per årsverk), fangar dårleg opp både innføringa av nye produkt og forbetringar av dei (til dømes er ei datamaskin eller ein bil som blir laga i dag noko heilt anna enn ein som vart laga for 30 år sidan). Todal ser ikkje ut til å vere klar over det, og han er i godt selskap.

Den omfattande diskusjonen om årsaker til og verknader av teknologiske og organisatoriske endringar i samfunnet er lite informativ og til dels heilt absurd. (Todal har eit oversyn over delar av denne diskusjonen.) Årsaka til det er at omtrent ingen interesserer seg for informasjonsgrunnlaget.

Det gjeld mellom anna ein diskusjonen som også Todal omtalar: om produktivitetsauken har gått ned dei siste tiåra, slik dei måla ein har, kan tyde på. Men når produktivitetsverknadene korkje av datarevolusjonen eller av tidlegare nyvinningar som til dømes bilar, fly, radio og TV og telefon blir fanga skikkeleg opp av desse måla, må konklusjonen bli: Det kan vi ikkje seie noko om.

Todal er også inne på moglege fordelingsverknader av datarevolusjonen og andre nyvinningar. Her veit vi litt, til dømes at mange av dei, så som bilar, PC, TV, mobiltelefonar og internett, kjem «alle» til gode på grunn av måten marknadssystemet fungerer på. Dette er også forklaringa på at avkastninga på investeringar i innovasjonar ikkje er så stor som investorane kan ha forventa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement