Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Privatisering og konkurranseutsetjing er ikkje det same

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1902
20231013
1902
20231013

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Offentleg forvalting

«Fordreie, forskjønne, forføre». Det er overskrifta Linn Herning har sett på eit innlegg i Dag og Tid for to veker sidan der ho tek til motmæle mot min kritikk av hennar samtale med Morten Strøksnes i Dag og Tid veka før.

Men eg fordreidde ikkje noko i min kritikk av utsegnene hennar, ei heller forførte eg nokon.

Eg korrigerte ein feil bruk av omgrepa privatisering og konkurranseutsetjing, og eg påpeikte at Herning sin påstand om at «det er ingen tvil om at det blir fart på både privatisering og kutt i den offentlege velferda, no når både Høgre og Frp får meir makt i Kommune-Noreg», er heilt feil.

Det står ingen ting i programma til dei to partia, eller på heimesidene deira, om at dei vil privatisere og kutte i den offentlege velferda. Dette er reine usanningar frå Herning si side. Noko ho berre finn på. Det kan kvar og ein sjølv sjekke ved å lese partiprogramma.

Herning skriv òg at det er Civita som kritiserer samtalen mellom henne og Morten Strøksnes i Dag og Tid 15. september. Det er det ikkje. Det er eg, som professor i statsvitskap og forfattar av ei velbrukt lærebok i offentleg forvaltning, som tek til motmæle mot dei påstandane Herning og Strøksnes kjem med, fordi dei er feil.

Kjem slike feil fram i den offentlege debatten på eit felt eg kjenner særs godt, tenkjer eg at det er mi plikt som tilsett på eit universitet å korrigere dei – sjølv om eg samstundes har ei bistilling i Civita.

I Civita er me ikkje ein gjeng marknadsfundamentalistar, slik Herning alltid freistar å få det til å sjå ut som. Men kvar og ein av oss trur på marknadsløysingar med ideelle og kommersielle aktørar for å fremje betre kapasitet, kreativitet, kapital, kunnskap og kompetanse i offentleg sektor.

Jan Erik Grindheim er professor ved Universitetet i Søraust-Noreg og knytt til tankesmia Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis