Presedens for Catalonia?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Mange i Catalonia har dei seinaste åra vore svært skuffa over EU og resten av Europa si haldning til den katalanske fridomskampen. Kan henda ser dei no eit lys i tunnelen.

I Catalonia har ein vist til eksempelet Kosovo, som med assistanse frå Nato frigjorde seg frå Serbia. Då Serbia protesterte, fekk FNs generalforsamling saka i fanget. Generalforsamlinga bestemte med 77 røyster for (mellom dei Noreg), seks imot og 70 avståande at Den internasjonale domstolen (ICJ) i Haag skulle vurdera om Kosovo si einsidige sjølvstendeerklæring var lovleg eller ikkje. I 2010 avgjorde domstolen at erklæringa ikkje var ei krenking av folkeretten, sidan denne «ikkje har noko forbod mot erklæringar om sjølvstende».

Kosovo-saka er aldri blitt nokon presedens for Catalonia. Tilhengarar av katalansk sjølvstende frå Spania er etter kvart blitt overtydde om at det er vanskeleg å finna noko meir kynisk enn diplomati og internasjonal politikk. Geopolitiske vurderingar og taktikkeri trumfar politisk likebehandling i internasjonale relasjonar.

Den franske historikaren og deputerte Sébastien Nadot har nyleg åtvara mot faren ved «å sjå bort ifrå dei urettferdige handlingane til det spanske rettsvesenet». Han viser mellom anna til EU sin kritikk av Polen, der grunnlovsdomstolen har slått fast at eiga grunnlov må ha forrang over EU-lovgiving når det er strid mellom dei to. Polen har forsvart sin posisjon mellom anna ved å referera til Spania, som gjorde det same då landet nekta Oriol Junqueras immunitet og vervet som deputert i EU-parlamentet, noko han var blitt vald til. «Brussel sin toleranse med Spania sine undertrykkingstaktikkar er ein katastrofe», meiner den høgreorienterte katalanske politikaren Aleix Sarri.

Undergraving av domstolane sitt sjølvstende frå utøvande makt er i våre dagar ein generell tendens over heile verda. Slik er det i høg grad i Spania, der rettsvesenet frå Franco-diktaturet aldri er blitt skikkeleg reformert. Eit rettsorgan, Audiencia Nacional (AN), som er sett til å ta seg av spesielt viktige saker for den spanske nasjonen sine interesser, blei skipa i 1977 med 10 av 16 dommarar frå den frykta Domstolen for offentleg ro og orden frå Franco-tida. AN har for det meste vigd seg til saker relaterte til terrorisme, internasjonale finansbrotsverk og narkotikahandel, men har også vore ein del av prosessane med forfølging av katalanske politikarar og menneskerettsaktivistar.

Vala til dei høgste rettsinstansane ? Audiencia Nacional og høgsterett, både på statleg spansk nivå og i dei 17 regionane ? gir eit skin av å vera uavhengige i og med at dei blir gjorde av Det generelle dommarrådet (CGJ). Men for å komma inn i dette rådet må ein ha godkjenning av 60 prosent av Kongressen. Sidan dei to leiande partia, det sosialdemokratiske PSOE og det konservative PP, lenge hadde rundt 80 prosent av dei folkevalde, har desse to partia mykje godt kontrollert utnemningane til CGJ.

Sidan rettsvesenet i Spania ikkje gjekk gjennom noka demokratisering og dei eldste medlemmene var forma i Francos ånd og dogme, blei det i tillegg oppretta ein grunnlovsdomstol på sida av rettssystemet elles. Denne domstolen var meint som ein appelldomstol som står over spansk høgsterett i saker som har med fundamentale rettar å gjera.

For katalanske suverenitetsaktivistar mista grunnlovsdomstolen all legitimitet då han i 2010 annullerte dei viktigaste punkta i dei nye autonomistatuttane for Catalonia, etter at både ei katalansk folkerøysting og det katalanske og det spanske parlamentet hadde gått inn for dei (det spanske parlamentet rett nok med ein del endringar). Utveljinga av medlemmene i domstolen etterlèt heller ingen tvil om at han har sterk politisk slagside: fire er valde ut med 60 prosent godkjenning av dei deputerte, fire med 60 prosent ditto i Senatet, to av eit fleirtal i CGJ og dei to resterande av den spanske regjeringa.

Fengsling av politiske leiarar og borgarrettsforkjemparar har skjedd medan Europa teier. Etter den underkjente folkerøystinga om katalansk sjølvstende 1. oktober 2017 kom undertrykking frå den spanske staten for fullt på dagsordenen. Eit lite lyspunkt kom det likevel frå Europa i oktober i år, då den katalanske presidenten i eksil, Carles Puigdemont, blei sett fri frå fengsel etter at spansk høgsterett hadde bede om at han måtte arresterast då han kom til den delvis katalansktalande byen Alguer (Alghero på italiensk) på Sardinia. Dette var eit viktig signal for ei frustrert katalansk suverenitetsrørsle om at ikkje heile Europa ser på den katalanske kampen på same vis som det spanske rettsvesenet. Katalanarane ser i dag på den fredelege kampen sin som ein strid for fridom og demokrati.

Etter den andre verdskrigen godkjente FN sjølvstende for tidlegare koloniar. Frå 1960 blei det slik også for andre folk, noko vi fekk syn for segn for då Bangladesh frigjorde seg frå Pakistan i 1974, og ved oppdelinga av Jugoslavia frå 1990-talet. Spørsmålet er: Når skal EU – og Noreg – handsama Catalonia ut frå presedensen med Kosovo i 2010?