Praksis utan sjokk, takkLÆRARYRKETROAR ULVESTAD BERGENPå sidene til Norsk Helseinformatikk står det følgjande om omgrepet sjokk: «Med sjokk

Publisert

På sidene til Norsk Helseinformatikk står det følgjande om omgrepet sjokk: «Med sjokk menes her sirkulasjonssvikt, det vil si en tilstand der blodsirkulasjonen er utilstrekkelig til å møte kroppens behov. Den nedsatte blodsirkulasjonen fører til kald og klam hud, sløret bevissthet og sterkt nedsatt eller opphevet urinproduksjon». Trass i alvorsgraden er dette det mest populære omgrepet i omtaler av debuten i læraryrket. «Praksissjokket» har blitt etablert som ein gjengs omtale av å bli lærar. Kvifor høyrer vi aldri om «rørleggartraumet», «legepanikken», «tømrarfobien» eller «sjåførskrekken»?

Den første klassen eg sjølv fekk, fekk eg fordi den var so krevjande at ingen av dei fast tilsette ville ta den. Det eg trefte, var ikkje eit sjokk, men ein energisk og mangslungen gjeng med 13-åringar som vibrerte av verketrong. Liv og røre, djupe samtalar, lettsindig humor, leik og alvor og fagarbeid i alle moglege og umoglege variantar.

Som ny vil du nok bli overvelda av arbeidsmengda. Du vil bli frustrert over kor lite tid det er til å følgje opp den einskilde elev. Du vil mange gonger lure på korleis du skal utøve god klasseleiing av tretti sprettballar. Du vil oppdage at døgnet er fleire timar for kort. Du vil lure fælt på om sjefen din nokon gong har undervist. Du får likevel noko att for alle desse undringane, frustrasjonane og innsiktene.

Du vil glede deg over situasjonane der eleven går frå å ikkje skjøne til å skjøne. Du vil føle deg som den viktige personen du er, når eleven fortel noko til deg som ingen andre enn du og ho veit om i heile verda. Du vil sitje i utviklingssamtale og bli rørt når eleven fortel kva du betyr for ho eller han. Du vil sjå av kvaliteten på arbeidet til eleven at det har skjedd noko som du kanskje kan ha litt av æra for. Du vil etter nokre år kanskje sjå at gamle elevar kryssar gata, ikkje for å unngå deg, men for å treffe deg. Du vil bli takka for at du held ut med den «ufordragelige tenåringen jeg var». Du vil kanskje innsjå at du var eit av dei pålitelege punkta i ei kaotisk ungdomstid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement