Pludrejournalistikk med tvilsame påstandar
Kva får ein til vanleg rett so kritisk journalist og forfattar som Morten Strøksnes til å sitja å pludre saman med leiar av alliansen For velferdsstaten Linn Herning om korleis det skal gå med den norske velferdsstaten etter at Høgre gjorde eit godt kommuneval sist veke?
«Ut og mate bendelorm», har Strøksnes kalla samtalen deira i Dag og Tid 15. september. Med det trekker han linene attende til ein debatt som gjekk i sumar etter at For Velferdsstaten hadde lag fram ein rapport med tittelen «Den internasjonale velferdsprofitten og bendelormøkonomien».
Herning er forfattar av boka Velferdsprofitørene frå 2017 og ein kjend motstandar av kommersielle aktørar i velferdsstaten. I tospann med Strøksnes får ho rikeleg høve til å utdjupa dette, når han legg orda i munnen hennar og stiller få om nokon kritiske spørsmål til dei påstandande ho kjem med om to av dei borgarlege partia og deira velferdspolitikk.
«Det er liten tvil om at det blir fart på både privatisering og kutt i den offentlege velferda, no når både Høyre og Frp får meir makt i Kommune-Noreg», seier Herning. Men kor ho har dette frå, er ikkje godt å seie.
Sist dei to partia sat med makta på nasjonalt nivå i Noreg, gjekk utgiftene til offentlege velferdstenester ifylgje Statistisk sentralbyrå betrakteleg opp og ikkje ned. Og det er vel heller ikkje mange kommunar her i landet som har opplevd særlege kutt i den offentlege velferda fordi Høgre og Frp har hatt ei hand på rattet?
Ingen av dei hadde vel heller ikkje nokon idé om ei storstila privatisering i valkampen? Frå Høgre heiter det på heimesida deira at «det er det offentlige som skal ha ansvaret for velferdstjenestene, men private og ideelle som leverer gode tjenester bør få lov til å drive og utføre en del av tjenestene».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.