Miljø

Plent keisamt

Publisert

Eg var ute då eg såg ei humle liggje i vegkanten. Ho trong ein blome for å få energien tilbake, men blomar fanst ikkje. Dei var blitt meidde ned til fordel for ein plen.

Ein tredjedel av biene i landet er utryddingstrua. Dei er avhengige av plantemangfald. Kor kjem denne fascinasjonen for glisne plenar, plattingar og hellesteinar frå? Kvifor kjøpe hus med hage når du har tenkt å bruke han som eit grønt teppe? Du kunne like gjerne kjøpt ein rull med filt.

Vi meier ned skog og sprengjer fjell. Det skulle berre mangle at vi brukte hagane til å skape næring til dei som sørgjer for at maten vår veks. Å ofre litt av plenen til blomar hjelper insekta og gagnar oss sjølve.

Arne Næss sa at skilnaden mellom oss og dyra ikkje gjev oss fleire rettar enn dei, men fleire forpliktingar.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel