Planlegging for høg kraftpris?Tørråret 2018Mads Løkeland og Knut BonvikNivået i kraftmagasina er langt under det normale, og for tredje veke på rad var fordampinga større enn nedbøren i dette ekstremt tørre året. I denne situasjonen trudde vi det var oppla
Nivået i kraftmagasina er langt under det normale, og for tredje veke på rad var fordampinga større enn nedbøren i dette ekstremt tørre året. I denne situasjonen trudde vi det var opplagt at kraftselskapa tok vare på vatnet og kanskje importerte litt kraft for å ha noko å gå på mot hausten, men statistikken viser at eksporten går for fullt. Det ser ut til at det er høge kraftprisar som er styrande for produksjon og eksport, ikkje omtanken for å ha nok vatn i magasina mot hausten. For å koma med nokre tal: i veke 29 eksporterte Noreg 0,22 TWh, og hittil i år har eksporten vore 3,7 TWh, eller 4,6 % av produksjonen (NVEs kraftrapportar). Med få unntak har eksporten gått for fullt kvar einaste veke i 2018.
Korleis blir kraftsituasjonen til hausten og vinteren dersom det tørre vêret held fram ei stund til og det berre kjem normalt med nedbør? Får vi ein haust med spesielt høge kraftprisar på grunn av lite vatn i magasina?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.