Pinleg forsvar for Ukraina-krigen frå patriark Kirill
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Patriark Kirill er øvste leiar for den russisk-ortodokse kyrkja. Det har vekt pinleg oppsikt at han har late vera å kritisera Russlands folkerettsstridige åtak på Ukraina. I situasjonen kan ikkje det tolkast annleis enn at han forsvarar det.
Kirill er ein opplyst mann med internasjonal røynsle, vel kjend også i Kyrkjene sitt verdsråd (KV). Korleis han tenkjer, kjem klårt fram i eit brev til den fungerande generalsekretæren i KV, den rumensk-ortodokse presten Ioan Sauca 10. mars. Bakgrunnen er at Sauca 2. mars har bede Kirill «bruka røysta si» for kanskje å få slutt på krigen. Her nokre utdrag frå Kirills svar, i mi omsetjing av den engelske teksten (alt ligg på heimesidene til KV, oikoumene.org): «I desse dagar vender millionar av kristne over heile verda bønene og tankane sine mot den dramatiske utviklinga i Ukraina. Som du veit, starta ikkje denne konflikten i dag. Det er mi faste tru at dei som står bak, ikkje er folka i Russland og Ukraina, som kjem frå den same ‘kievske døypefont’, og som er samla i ei felles tru, felles helgenar og bøner, og som deler same historiske lagnad. Opphavet til konfrontasjonen ligg i tilhøvet mellom Vesten og Russland. På 1990-talet blei Russland lova at landets tryggleik og vyrdnad skulle bli respektert. Men ettersom tida gjekk, kom dei krefter som ope ser på Russland som fiende nærare inn mot våre grenser. År etter år, månad etter månad, har Natos medlemsland bygd opp det militære nærværet sitt og oversett Russlands frykt for at desse våpena ein gong kunne bli brukte mot landet.»
Dette minner mest av alt om ein massiv projeksjon. Det verste for Kirill er likevel ikkje våpena, men at Vesten har freista å påverka dei ukrainarane og russarane som lever i Ukraina til å bli fiendar av Russland. Og han ser på alt dette som del av ein stor geopolitisk strategi for å svekkja Russland, og hevdar at russofobi spreier seg i Vesten snøggare enn nokon gong. Patriark Kirill unngår ordet krig og kritiserer ikkje Russland som openbert er aggressoren. Og han utgjer inga motvekt mot styresmaktene sin propaganda.
Sjølv om det går under radaren i dei fleste media, spelar kyrkjelege tilhøve ei rolle som bakgrunn for konflikten. I Ukraina er dette komplisert, slik landets historie er det. Mellom anna finst det i vår tid to kyrkjer som kallar seg ukrainsk-ortodokse, den eine under patriarkatet i Kyiv, den andre under partriarkatet i Moskva. Leiaren for den siste, metropolitt Onufrij, tala heilt annleis enn Kirill allereie 24. februar. Han appellerte til Putin om å straks gjera slutt på denne «brodermordkrigen» og grunngav det slik: «Krigen mellom desse to folka er ein repetisjon av Kains synd, han som ut frå misunning drap bror sin Abel. Ein slik krig finst det ikkje orsaking for, korkje frå Gud eller frå menneske.» Og svært mange ortodokse kyrkjelydar og prestar verda over er på line med dette, også fader Kliment i Oslo (ifølgje Vårt Land 12. mars). Korleis det er internt i Russland, er nok vanskeleg å veta.
I det åndelege er det mykje verdfullt i den russiske ortodoksien. Men den ukritiske haldninga til statlege styresmakter er problematisk og har lange historiske røter. Eigentleg går den tilbake til den samverknaden mellom keisarmakt og kyrkje som skaut fart under keisar Justinian, som regjerte i Bysants frå 527 til 565. Kristninga av dei slaviske områda skjedde i stor grad på 800–900-talet. Og då mest frå Bysants, men ikkje utan dragkamp med paven i Roma. Den gongen var den førmoderne tanken om harmoni mellom stat og kyrkje sjølvsagd. Og då Peter den store frå ca. 1700 ville modernisera Russland, blei statens grep om kyrkja endå sterkare. Så når Putin omgjev seg med røykjelse, ikonar og patriark Kirill, er ikkje det noko nytt.