Pilegrimsferd til Odda
Reiseskildring
Det har vore forvitneleg å ha fylgt Hallgeir Opedal i hans vandring mellom bakkar og berg frå aust til vest. Svært målmedvete har han runda svingar, kryssa bekkar og elvar, inn og ut gjennom tunellar. Han skal heim og er ustoppeleg, men greier han å gjennomføre denne manndomsprøva? Det er kanskje litt feil å kalle det pilegrimsferd, for Opedalen er ikkje eit middelaldermenneske, han er eit moderne menneske frå vår tid. Han likar betre å gå på asfalt enn grusveg. Hadde han vore pilegrim, så hadde han vel gått innom kyrkja i Røldal, ei av våre mest kjende pilegrimskyrkjer, og fått lækjedom for sine såre føter, som Vinje skriv i Storegut.
«I Røldal til kyrkja eit bilæt hekk
so mang ein sæling til frelse;
for sjuke og såre til detta gjekk
og fingo atter si helsa.
Og funne det var på Jelse.»
Nei dette er berre ein harding som skal heim. Her tyder det ikkje at han er hard, men at han er frå Hardanger. Han verkar meir mjuk enn hard. Hallgeir skal heim. Heim te mor, som Odd Nordstoga syng, men Nordstogaen stoppar ved Vinjeplassen. Det skulle vera ei enkel sak å fara heim, trur vi som har fylgt han som ein nisse på lasset gjennom bygd og by med djupe tankar og intellektuelle samtaler frå Oslo, gjennom Buskerud og Telemark, over Haukelifjell og ned Austmannalia til Hildal og Odda, og så er han heime. Punktum finale. Vi kan puste ut. Slik er det. Nei det er ikkje slik. Han går inn, helsar på familien, dusjar og skifter skjorte og seier han skal heim. Til Oslo. I himmelens namn, han har lurt oss i 300 kilometer og 12 dagar. Han er ikkje frå Hildal, han er i frå Oslo.
Det verste er at mange av oss kjenner oss att. Det er trist med rotlaus ungdom, men det nok verre når godt vaksne og eldre blir rotlause. Eg kjenner meg att. Eg flytte frå Vinje i 1959, og har butt i Oslo frå 1970, men eg seier heim til Vinje, så eg må vel ta ein «Opedal» eg og. Ein gong skreiv eg ein kronikk i Aftenposten med tittelen «Oslo er ein fantastisk by». Det står ved lag og eg meiner det. Det var kulturredaktøren i Aftenposten som hadde sett tittelen. Han var frå Odda og han kjende temaet, Knut Olav Åmås. Mange av oss er «kroniske» norske, men vi blir aldri «kroniske» oslofolk!
«Det er her æ høre tel,» syng nordlendingane, men eg er ikkje sikker på om dei veit det dei heller.
Hallgeir Opedal har gått 300 kilometer på 12 dagar og finn ut at heime er ein annan stad enn der han trudde. Eg flytte frå Vinje for 60 år sia, men seier heim til Vinje. Det er nok feil. Men å kalle oss oslofolk blir også feil, det får vi overlate til neste generasjon. Vi må nok lesa Hallgeir Opedals «Ferdaminne frå sumaren 2018» for å få svar på desse eksistensielle spørsmåla.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.