Andreas Skartveit skriv forvitneleg om mangt i spalta «Frå historia» i Dag og Tid. Fredag 25. juni skreiv han om pengar, dette merkelege fenomenet som på overflata ser så enkelt ut, men som blir meir og meir komplisert ved nærmare undersøking. Skartveit startar historia om pengar med forklaringa om bytehandel, til liks med dei fleste.
Den moderne økonomiens far, Adam Smith, må ta ein del av skulda for at denne forklaringa har festa seg og funne vegen inn i nær sagt alle lærebøker. Historia hans om bakaren, slaktaren og bryggjaren som alle har varer å selja, men ikkje nødvendigvis treng det den andre tilbyr, har vorte standardforteljinga i dei fleste innføringsbøkene om økonomi.
Men det spørst om me ikkje heller skulle lytta meir til antropologane enn til økonomane i denne saka. Antropologen David Graeber, som dessverre døydde altfor tidleg, skriv overtydande om at pengar til alle tider har vore uløyseleg knytte til gjeld. I boka Gjeld: Dei første 5000 åra tek han eit oppgjer med myten om pengar som avløysar for bytehandel. Ingen antropologar har kunna stadfesta teorien om at det var slik pengar oppstod. I staden har gjeld i form av «eg skuldar deg» (på engelsk «I Owe You» – IOU) vore den dominerande handelsmåten.
Heilt frå sumerarane si tid, og sikkert før den tida også, har det vore vanleg å halda rekning med kven som skuldar kva. Det fungerte fint i lokalsamfunna som lenge var dominerande. Når alle kjenner alle, er det ikkje behov for pengar.
Først då menneska begynte å reisa lenger bort, særleg i samband med krigar, måtte andre metodar for oppgjer innførast. Soldatar måtte lønnast med pengar for å kunna kjøpa varer i framande strok, der sal på kreditt ikkje var aktuelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.