Parlamentarisme i Noreg og SverigePolitikkJon NaustdalslidI Dag og Tid for 2. november kommenterer Halvor

Publisert

I Dag og Tid for 2. november kommenterer Halvor Tjønn den «unntakstilstanden» som har rådd i norsk politikk denne hausten. Kristeleg Folkeparti har gjennom tru og tvil halde det politiske Noreg på pinebenken i ventinga på kva veg partiet skal gå.

Han skuldar denne «lett kaotiske tilstanden» på Noregs form for parlamentarisme, såkalla negativ parlamentarisme. Det tyder, som Tjønn korrekt peikar på, at regjeringa sit så lenge ikkje eit fleirtal i Stortinget vedtek mistillit. Han argumenterer vidare for at den uklare politiske situasjonen kunne vore unngått dersom statsskikken i Noreg hadde bygd på investitur. Det vil seie at for at ei regjering skal kunne dannast, må den godkjennast gjennom eit innsettingsvedtak i nasjonalforsamlinga. Han viser mellom anna til Tyskland og Sverige som døme på at investitur fungerer betre enn det norske systemet.

Dette er det god grunn til å problematisere. Det er nemleg ikkje eintydig kva investitur faktisk betyr. Eksempelvis praktiserer Tyskland ei streng form for investitur, der eit fleirtal av representantane i nasjonalforsamlinga må godkjenne ei regjering. Ein svensk statsministerkandidat treng derimot ikkje aktiv støtte frå fleirtalet av representantane i Riksdagen, berre av dei avlagde røystene. I praksis har såleis både Noreg og Sverige «negativ parlamentarisme», berre med den skilnaden at i Sverige er dette kombinert med investitur, men der det er mogleg å la vere å røyste.

Det er ikkje utan vidare opplagt at investitur motverkar politisk kaos og sikrar sterke regjeringar. Etter valet i Tyskland i september 2017 tok det eit halvt år å få på plass ei ny regjering i form av ein storkoalisjon som i dag slit med store indre problem. Etter valet i 2010 sette Belgia «verdsrekord» i tid for å få på plass ny regjering. Rekorden lyder på 541 dagar. Ved det siste valet i 2014 gjekk det «berre» 135 dagar. Italia er heller ikkje eit lysande eksempel på at investitur sikrar sterke og stabile regjeringar.

Men la oss sjå til Sverige. Sveriges statsskikk med investitur har på ingen måte sikra landet fleirtalsregjeringar. Etter krigen har Sverige hatt fleirtalsregjeringar i berre 21 år, Noreg i 25 år. Den eine av to norske fleirtalsregjeringar etter 1961, Borten-regjeringa, braut saman midt i perioden på grunn av EU-saka.

Ser vi på dagens situasjon i dei to landa, er den uvissa som har rådd i Noreg som ein mild bris å rekne samanlikna med det totale kaos som rår i Sverige etter valet i haust. I den føregåande fireårsperioden har Stefan Løfvens raudgrøne mindretalsregjering blitt «tolerert» av den tradisjonelle borgarlege blokka (Alliansen) for å hindre Sverigedemokraterna (SD) i å få innpass i svensk politikk. Regjeringa har vore ekstremt svak og har kjempa seg gjennom perioden med kompromiss frå sak til sak. Under valkampen hadde Alliansen bunde seg til å avsette regjeringa, noko den også gjorde med støtte frå SD straks Riksdagen kom saman. Men det einaste dei fem partia bak avsettingsvedtaket er samde om, er at dei ville avsette regjeringa. To av partia i Alliansen, Centerpartiet (C) og Liberalerna (L), har samtidig bunde seg til ikkje på noko vilkår å sette seg i, eller akseptere, ei regjering som får støtte av Sverigedemokraterna. Og SD på si side nektar å gje verken aktiv eller passiv støtte til ei regjering som ikkje vil gje dei innverknad. Alle tenkelege regjeringsalternativ ser difor ut til å ha fleirtal mot seg i Riksdagen! Kva som til slutt kjem ut av denne prosessen, veit vi ikkje i dag. Sverige vil nok få ei regjering. Alternativt kan det gå mot eit ekstraval (noko den svenske grunnlova opnar for), utan at det er rimeleg å tru at det vil endre det politiske landskapet vesentleg. I mellomtida veks politikarforakta blant folk, og landet blir styrt av den avsette regjeringa som forretningsministerium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement