Palestinske bilde, 2018PalestinaArne Apold– Vi kallar det Vestens demokrati, seier han. Han kan rekne slekta si mange ledd attende i Jerusalem, han har alltid budd her. Men han har ikkje dei same rettane som jødiske innbyggarar. Slik er Vestens demokrati.

Bassem Tamimi må ha halde den flammande talen sin nokre hundre gonger sidan kona og dottera Ahed vart fengsla.
Bassem Tamimi må ha halde den flammande talen sin nokre hundre gonger sidan kona og dottera Ahed vart fengsla.
Publisert

– Vi kallar det Vestens demokrati, seier han.

Han kan rekne slekta si mange ledd attende i Jerusalem, han har alltid budd her. Men han har ikkje dei same rettane som jødiske innbyggarar. Slik er Vestens demokrati.

I Betlehem er muren vorten ein turistattraksjon. Ein butikk sel spraymåling og sjablongar for graffiti, ein annan ulike effektar med motiv av Banksy. Men framleis stengjer muren bonden ute frå jorda hans, skuleborn ute frå skulevegen, bror frå søster. Eg kjøper eit postkort med teksten «Okkupasjonen stel framtida, draumane, freden».

Vi vitjar far til Ahed Tamimi, den 17 år gamle palestinske jenta som sonar åtte månader i fengsel for å ha gitt ein israelsk soldat ein øyrefik. Han held ein flammande appell. Han må ha halde den talen nokre hundre gonger sidan kona og dottera vart fengsla.

– Ser eg reint egoistisk på det, var det tre–fire bortkasta år, seier han.

Han snakkar om tida på flukt, så åra i fengsel. Men palestinarane har ikkje råd til å sjå egoistisk på det. Mange unge kastar vrak på både Hamas og Fatah. 50 års motstand har ikkje hjelpt, og kanskje tenkjer dei at desse organisasjonane er mest opptatt av å halde på posisjonar. Presidenten Abbas er i sitt 83. år og sit på overtid. Marwan Barghouti, som kunne ha samla det palestinske folket, er fengsla med fleire livstidsdommar. Ein vi snakkar med, meiner den 17-årige Ahed Tamimi kunne vere ein komande leiarfigur. Det er ei tung bør å legge på skuldrene til eit ungt menneske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement