Padleforbod på vidda?

«Sume av framlegga vil heilt klart ha ein effekt i høve til å minke ferdsle. Ja, anna er til å riste på hovudet over.»

Publisert

Villreinen og kåra han har, stend høgt på den politiske agendaen. Mange meiner at kåra må betrast, og at største plaga er fotturistane. For dei like områda er det laga tiltaksplanar, som no ligg til vurdering i KLD. Det er òg lagt fram ei stortingsmelding, der ein ikkje tek konkret stilling til framlegga i dei ymse planane. Det vil ein gjera etter at Storitnget har sagt sitt.

Sume av framlegga vil heilt klart ha ein effekt i høve til å minke ferdsle. Ja, anna er til å riste på hovudet over. På Hardangervidda vil ein forbjode padling! Ein ser på det som ein aktivitet med «stort potensial for skade». Difor må det stoppast! Dette til liks med kiting og køyring med hundespann.

Ein vil speglvende regelverket, desse aktivitetane skal vera forbodne, men så skal ein kunne søkje og mogelegvis få ja. Ein skjønar skepsisen til kiting og bikkjer, då kjem ein fort fram, og kan koma brått på ein flokk og skræme han dugeleg. Men padling? Kva er skadepotensialet der?

Tanken er påkomen ut frå stoda i Kvenna, der det har auka med padling. Ein ottast at padlarar skal hindre reinen i å krysse vassdraget. Så gjer ein like godt framlegg om å forbjode all padling, jamvel om omfanget og skadepotensialet i andre vassdrag er heilt ukjent. Eit forbod er gjæve ting når ein vil taka vare på reinen.

Leiaren i prosjektgruppa som stend bak planframlegget, Olav Thøger Haaverstad (Statsforvaltaren i Oslo og Viken), seier at ein ikkje hadde data som indikerte at padling var ei reell og aktuell problemstilling. Padleforbodet er å sjå som eit føre var-tiltak, seier han. Tiltaket krev ny lovheimel. Betre lovførearbeid enn rein synsing er råd å sjå for seg.

«Eventuelt andre vassdrag enn Kvenna», skriv ein. Men så seier ein òg at speglvendingsprinsippet skal gjelde for heile villreinområdet. Eg er medeigar i fleire vatn på Hardangervidda. Der kan eg ro på vanleg måte og køyre påhengsmotor så mykje eg vil. Men vil eg padle, då må eg søkje? Sjøfly hjelper seg stundom med ei padleåre, skal det au omsøkjast?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement