Ordskifte
På tide å utvide ytringsadelen i skulespørsmål
I Dagsnytt 18 er den norske skulen stadig eit heitt tema. Men kven er det som ytrar seg om skulen? Dei som kjenner institusjonen best? Nei. Nei og atter nei. Eg høyrer dei same argumenta, argument som ikkje har rot i den verkelegheita vi står i som jobbar i skulen kvar einaste dag. Argumenta er oftast ytra av politikarar i studio, der dei skyt ut sine partiprinsipielle poeng, og trekker fram kunstige tal og andre kvantitative resultat som ikkje speglar dei verkelege problemstillingane.
Vi som står i klasserommet, står i skvis mellom dei stadig meir ambisiøse kompetansemåla frå sentralt hald (det som feilaktig er oppfatta som pensum), ei elevgruppe som presterer lågare og krev meir, og ei skuleleiing det er stadig vanskelegare å ha tillit og lojalitet til.
Kva er problemet, lurer du kanskje på. Kva problemstillingar er det som ikkje er med i Dagsnytt 18-studio? Hadde ytringsadelen blitt utvida, hadde redaksjonen valt bort politikarkrangling der partiideologi er skytset, og der prinsipp som er fråkopla verkelegheita, er rekna som gyldig ammunisjon. Då ville skulespørsmål dreidd seg om det som faktisk gjeld, ytra av dei som har skoa på, som det heiter no til dags.
Flosklane må bort, den evige tal-duelleringa må skrotast, og debatten må opp på eit langt høgre nivå. Norsk skule treng ei dreiing, vi må bort frå eit system som er drifta som ein butikk der eleven er kunde, læraren butikktilsett og rektoren senterleiar. Med denne strukturen er læraren fritt vilt, i skvis mellom eigen integritet, skuleleiinga, eleven og føresette. Vi må styrke ideen om den norske skulen som ein utdanningsinstitusjon som er ein grunnleggande bestanddel i det norske demokratiet, og at dette gjeld frå barnehage til høgre utdanning.
Lærarane er ei av dei største yrkesgruppene i landet, og vi lever og utøver yrket vårt i kvar ein krok og krik. Men kor er vi i den offentlege debatten? Når ytringsadelen sit i studio og fektar med sine verbale, rustne sverd, sit lærarane med nyslipen kunnskap som passivt publikum. Når var det sist ein representant for ei yrkesgruppe som alle har ei meining om, som i det offentlege rom er ei totalt stum gruppe? Er det ikkje merkverdig at ei yrkesgruppe som så mange meiner noko om, ikkje blir lytta til?
Så kva kan ei fornuftig løysing vere? Det mest matnyttige vil vere å skipe eit skulefagleg råd, eit apolitisk organ der problemstillingar blir konkretiserte og definerte i område. Område som spenner frå teknologisk utvikling til endringar i ungdomskulturen, strukturelle og kulturelle endringar i måten skulane er organiserte på, og så bortetter. Først etter å ha oppnådd semje om kva dei faktiske problemstillingane består av, kan politikarane komme med adekvate normative endringar som kan gjere at den norske skulen i framtida vil bli betre, heller enn dårlegare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.