På sotteseng – men ikkje utan livskraft

Publisert Sist oppdatert

Arne Sølvberg er noko lite pessimist for nynorsken i Dag og Tid 30. november. Det kan vel hende at nynorsken er på sotteseng, og at sunnmøringen har mista hegemoniet i NRK. Men eg tykkjer Sølvberg er vel mykje pessimist når det gjeld ordtilfanget som dominerer nynorsken.

Til dømes er han noko dialektsentrert når han skal bøya adjektivet «liten» og strandar med «litle» og «lisle», medan dei fleste vil ha små vanskar med å velja «vesle», eit ord som kanskje ikkje høyrer heime i Sølvbergs eigen dialekt. Verre skal det ikkje vera.

Like eins vert han noko trong i steget når han snakkar om «bilens hjul» og gremmer seg over garpegenitiv og slikt. Eg vil nok ikkje vera åleine om å velja «bilhjula» i dei fleste samanhengar der genitiv elles kunne vore brukt.

Det han derimot har heilt rett i, er tanken om den vestlandske «tvangstrøya». Nynorsknettet snører seg stadig tettare omkring Sogn og Fjordane, som er det einaste fylket med skriftmålet solid planta i nynorsken. I dei andre vestlandsfylka, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal, er nynorsken godt og vel i mindretal (Møre og Romsdal er omtrent på vippen) når det gjeld brukarar. Ti av dei noverande fylka har inga opplæring i nynorsk i grunnskulen i det heile.

Så, nynorskfolket har god grunn til å sjå noko mindre lyst på framtida. Eg tykkjer at vestlendingane bør gå inn for å sikra seg alle rettar til å nytta nynorsken i skuleverket også i framtida, før heile greia vert spadd ut med sidemålet i motstandsfylka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement