På lag med framtidaPartiprogramTerje BreivikUlvikSosialliberale Venstre er eit raust og framtidsoptimistisk parti. Difor var det nesten ei gleda å lesa at ein profesjonell gjerrigknark og refsar som Jon Hustad i førre utgåve av Dag og Tid knapt fann noko p
Faksimile frå Dag og Tid 24. mars 2017.
Sosialliberale Venstre er eit raust og framtidsoptimistisk parti. Difor var det nesten ei gleda å lesa at ein profesjonell gjerrigknark og refsar som Jon Hustad i førre utgåve av Dag og Tid knapt fann noko positivt med framlegget vårt til partiprogram.
Hustad har tre hovudinnvendingar mot programutkastet: Det er for langt, det er for dyrt og det er for breitt. At det er for langt, er lett å semjast om. På den andre sida betyr det at det er langt lettare å finna ut kva Venstre eigentleg meinar i ei sak, enn om formuleringane i regelen hadde vore overordna og på verdimeldingsnivå. Og det viser til fulle at me har ein heilskapeleg og godt fundamentert politikk over heile spekteret av fag- og samfunnsområde.
Kritikken mot at me er eit parti med eit djupt engasjement for både dei små og dei store sakene, fell litt på si eiga urimelegheit. For eit partiprogram er ikkje, som Hustad indirekte tek til orde for, ein krimroman med spenningskurve og ei løysing til slutt. Eit partiprogram er meir som eit oppslagsverk, der truleg berre eit fåtal veljarar les frå perm til perm, men heller skal finna svar på dei tinga dei er mest opptekne av. Dei lange linene og dei store sakene er sjølvsagt viktigast. Difor får dei også mest plass, men dei små sakane er også viktige, særleg for dei dei gjeld.
Når Hustad òg hevdar at programmet er for dyrt, må det koma av at han ikkje har lese meir enn dei 30–40 første sidene. For det er ikkje rett, som Hustad skriv, at me ikkje seier korleis me skal finansiere framlegget om å gjera barnehagen og skulefritidsordninga rimelegare for alle. Tvert imot seier me rett ut at det skal finansierast ved å avvikla barnetrygda for dei med god råd.
Hadde Hustad teke seg bryet, ville han òg kjapt ha funne ut at Venstre i sine alternative statsbudsjett finansierar alle nye tiltak gjennom reelle omprioriteringar, endåtil med mindre oljepengebruk enn alle andre parti. Praktisk handling tel trass alt meir enn retorikk, òg i politikken.
Hustad er også svært kritisk til at me ikkje berre seier kva me vil gjera, men også seier noko om kvifor det er viktig å gjera nett det. Til det har eg ikkje anna svar enn at Hustad får leva med at det kan vera andre lesarar av programmet som ikkje er like opplyste og sikre i si sak som han er, som set pris på at me somme stadar faktisk grunngjev standpunkta våre. Ikkje minst sidan programmet har djerve målsetnadar på store område:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.