Overfallet på Ukraina og arven etter Øverland
Arnulf Øverland på 60-årsdagen. Arnulf Øverland på 60-årsdagen.
Foto: NTBFoto: NTB
Ein berre så måteleg kjend britisk diktar, Frederick Locker-Lampson (1812–1895) skreiv mellom mykje anna: «Some men are good for righting wrongs and some for writing verses.» Som ein som no tilhøyrer siste kategori, har eg skrive dette diktet. For ordens skuld kan eg opplysa at eg tidlegare òg inngjekk i Locker-Lampsons første kategori, med fleire tenesteperiodar som lege ved FNs fredsoperasjonar (Gaza, Libanon, Kuwait, Irak og på Balkan). Mange gonger såg eg FN audmjuka, eller, som no, hindra i arbeidet på grunn av atommaktveto.
Utan særleg suksess har eg dei siste par månadene prøvd å få media meir opptekne av FNs posisjon som verda sitt fremste organ for framgang, utvikling og fred. Mellom anna var media sin mangel på interesse svært synleg då Guterres for nokre veker sidan la fram FNs viktigaste utfordringar for 2023. Eit stutt samandrag kom frå NTB, men som eg kunne sjå, svært lite meir omtale i riksdekkande media. I siste verset prøver eg å seia noko om det.
For litt sidan las eg eit gamalkjent dikt
ofte sitert frå og svært godt likt
Det handla om rop frå ein dødsdømd mann
som åtvara oss mot ei verd i brann
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.