OsloMet – Oslo storbyuniversitet!NamnLeif Halvard Silli MajorstuaDebatten om namnet på det nye universitetet i Oslo og Akershus spora av til eit ordskifte med store ord om små og store bokstavar. Kanskje kunne ein ha ønskt seg eit anna namn. Men kritikken
Debatten om namnet på det nye universitetet i Oslo og Akershus spora av til eit ordskifte med store ord om små og store bokstavar. Kanskje kunne ein ha ønskt seg eit anna namn. Men kritikken har gløymt å vurdera den indre samanhengen i det nye namnet!
Universitetet har no fått to namn – eitt på engelsk (OsloMet – Oslo Metropolitan University) og eitt på norsk (OsloMet – Storbyuniversitetet).
Eit felles element i begge namna er tekststrengen «OsloMet». Elementet er konstruert for å kunna fungera både på norsk og på engelsk. Forkortinga «OsloMet» er delvis òg ei erstatning for forkortinga HiOA – ei forkorting som er reint skriftleg, ingen seier «hioa». Vona er altså at folk skal seia «Oslo Met». Like fullt er det ei forkorting!
Men kva står eigentleg «OsloMet» for?
Av det engelske namnet er det lett å skjøna: OsloMet svarar til Oslo Metropolitan University. Dette gjer at dersom nokon ifrå OsloMet ferdast ein stad i verda der ingen knyter noko spesielt til «OsloMet», kan dei i staden fortelja at dei representerer «Oslo Metropolitan University». Truleg svært nyttig.
Det engelske namnet framstår med andre ord godt gjennomarbeidd med tanke på reelle brukssituasjonar, og som eit uttrykk for realisme med tanke på dei vanskane «OsloMet» vil ha med å slå igjennom som einaste namn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.