Oslo er ein by for alle
Ramadangata i Piccadilly Circus i London.
Foto: Anna Gordon / Reuters / NTB
Les også

Religion i eit felles byrom
Les også
I London var Ramadangata i Piccadilly Circus, som opna 21. mars i fjor med 30.000 lys, finansiert av private givarar.
Foto: Anna Gordon / Reuters / NTB
Ramadan på norsk

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ramadangate
«Lat oss få ein open diskusjon om offentleg sponsa ramadangate i Oslo før lysa vert tende», skriv professor ved Høgskolen i Innlandet Eivor Andersen Oftestad i ein kommentarartikkel i Dag og Tid 26. januar.
Dermed er vi i alle fall samde om det viktigaste – at det er fint med ein open diskusjon.
Men det er alltid ein fordel at slike diskusjonar byggjer på korrekte og ikkje minst relevante premissar.
Oslo er ein mangfaldig by. Her finn du 200 ulike nasjonalitetar. Den klart største religiøse minoriteten vår er muslimane. I tillegg har vi jødar, katolikkar, sikhar, hinduar, ateistar, humanetikarar og buddhistar – for å nemne nokre av trusretningane som lever side om side med kvarandre og med den kristne majoriteten her i hovudstaden.
At vi har innbyggjarar frå ulike trusretningar i byen vår, er noko vi er vande med i Oslo, og vi handterer det stort sett med ein venleg omgangstone kvar einaste dag – på skular, arbeidsplassar og elles i bybiletet. Av og til oppstår det konfliktar og gnissing, men dei klarar vi å løyse i fellesskap.
For meg som byrådsleiar er det viktig å bidra til at alle desse minoritetane føler seg trygge, ivaretatt og heime her i Oslo. Det er bakgrunnen for at eg ønskjer lyssetjing av ei gate i samband med den viktigaste muslimske høgtida velkomen, på same måte som vi har mange julegater i desember kvart år.
Slike gater er viktige for dei som feirar den gjeldande høgtida, men ideelt sett kan dei òg bidra til at også ikkje-truande eller annleis truande får meir kunnskap og forståing.
«I stedet for å kaste ut pedagogikken som ikke fungerte, anbefalte fagfolkene at man heller skulle kaste ut kunnskapsinnholdet.»
Utgangspunktet til Oftestad er at ho ikkje er prinsipielt imot lyssetjing av ei gate i samband med ramadan. Men ho er kritisk til at det i så fall skal vere offentleg finansiert ved at kommunen gir støtte.
Det er eit standpunkt som har mye for seg, og som det er lett å forstå grunngjevinga for. Offentlege styresmakter skal vere tilbakehaldne med å støtte ulike føremål på ein måte som kan bli opplevd som urimeleg eller urettvis.
Nettopp av den grunn meiner eg at lyssetjinga i framtida ikkje skal vere finansiert av kommunen over tid. Tvert om bør handelsstanden og kulturelle og religiøse organisasjonar på sikt ta rekninga for eit slikt tiltak. Det vi stiller opp med frå kommunen si side, er to ting:
For det første: Vi signaliserer at vi vil vere velvillig innstilte til å få dette til når eller om det blir søkt om å hengje opp lys i samband med ramadan.
For det andre: Som eit bidrag no heilt i starten, støttar vi opp med ei sum for å få i stand ei lyssett gate ved rådhuset i år. Dette er ikkje tenkt som ei varig ordning.
Så til Oftestad sitt poeng om andre religiøse minoritetar. Det er heilt rett at det ikkje er vanleg praksis at kommunar markerer ei religiøs høgtid på denne måten. Men eg meiner at Oslo kommune fint kan gå framføre og ta eit initiativ mot ulike minoritetsmiljø og næringslivet for å få til fine markeringar også av andre tradisjonar enn jula. Og ikkje berre ramadan.
Å la andre religionar få sleppe til i det offentlege rom og elles i samfunnet når vi har ei så mangfaldig befolkning som vi har i Oslo, er ikkje eit trugsmål mot norsk tradisjon og kristne verdiar. Den premissen vil eg kontant avvise. Tvert om er eg sikker på at vi er trygge nok på vår eigen kulturelle og religiøse arv til at vi fint kan vere opne og inviterande overfor andre. Så når Oftestad prøver å lage ein motsetnad mellom eiga påskefeiring og andre si markering av ramadan, er det noko eg ønskjer å tilbakevise på det sterkaste.
Det går fint an å markere eigne høgtider og samstundes la andre få markere sine.
I eit moderne samfunn kan vi ikkje svare «anten eller» på desse spørsmåla. Vi må svare «begge delar».
Vi byggjer ikkje fellesskap ved å seie «deg eller meg». Vi byggjer det ved å seie «oss».
Eirik Lae Solberg er
byrådsleiar i Oslo (H).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.