Ormen
Illustrasjon: Halfdan Egedius
Museum
Raud den Ramme var ein stor blotmann, ifølgje Snorre, og ein ovkar til å trolle. Då Olav Tryggvason fór sjøvegen nordover og ville kristna hovdingen, galdra han, så det kom slik storm, at kongsskipet måtte søka til lands. Men kongen lo sist: Hirdbispen hans visste råd, vigde båten og sette korset i stamnen. Samtidig lærte mannskapet straumane i Saltfjorden å kjenna. Så rodde dei gjennom uvêret. Kongen drap Raud og tok draken hans, Ormen. Det var det venaste skipet i heile riket.
Håkon Glørstad er glad i gamle soger, men ikkje vil ta lærdom frå dei, anna enn at det er best å lukka øyra for kritikk. Både av Odyssevs og Olav Tryggvason kunne han likevel lært å lytta til gode råd og erfarne fagfolk, heller enn berre å driva båten ut i farlege farvatn. I fleire år arbeidde leiinga ved Kulturhistorisk museum for at skip og gjenstandar skulle flyttast frå Vikingskipshuset, sjølv om eigne samlingsansvarlege og eksterne sakkunnige åtvara mot transport. I 2006 skrev Veritas beint ut at det med ei flytting var «høy risiko for skade» og at «deler av samlingen kan ødelegges».
Dette er likevel ikkje del av forteljinga Glørstad vil skapa, som i første rekkje viser til kva som har skjedd etter 2012, året då regjeringa endeleg stoppa museet frå berserkgang med samlingane. Om leiinga ved KHM faktisk meiner det var «en heldig utvikling i saken» dei vart stansa, burde direktøren heller stikka fingeren i jorda, enn å skyta leppa i vêret. Ei slik haldning til eiga samling kan ein ikkje venta har skapt politisk godvilje. At flytting var ein strategi svært lenge, talar då sjølvsagt heller ikkje for at dette var klokt, då undersøkingar viste det motsette.
KHMs ønske om stadig å auka besøkstala, samtidig som dei meiner museet toler mindre enn ti prosent av dagens, er vidare ikkje konsistent. At Glørstad meiner turistane ved museet i aukande grad er opptatt av kulturarven, får heller stå. Slik talar utsikta frå direktørkontoret, utan innsikta frå museumsgolvet. Dårleg butikk er det likevel ikkje, når ein sel billettar til 50 millionar kroner. I sine eigne vurderingar til styret, viser Glørstad heller til at dette har sikra museet svært solid økonomi.
Glørstad smigrar kanskje med å samanlikna avisinnlegget mitt sist veke med Odysseen, men ulikt gamle poetar og visse museumsdirektørar er eg meir opptatt av innhald enn form. Det kan vera gildt med ny drakt, men ikkje om det stiller innhaldet meir lageleg til for hogg.
Året etter ferda nordover, bygde Olav Tryggvason seg eit større skip, Ormen Lange. Så byrja han høyra meir på andre hersar enn eigne menn. Då lurte sveakongen, danekongen og Eirik Jarl han i bakhand. Fleire skip lét dei segla, men Ormen Lange kjente dei igjen og la til slag. Der fall Olav, medan Eirik jarl tok Ormen. Hovmod stod for fall, noko museumsdirektørar òg kan læra av gamle greske dikt.
Øystein Lydik Idsø Viken er førsteamanuensis ved
Høgskulen i Volda
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement