Opptur for norskfaget– om dugleik og danningNorskfagetEspen TørsetOrkdalForslaget til nye kjerneelement i norskfaget gir betre rom for djupnelæring. Her er det plass til både dugleik og danning.

Publisert

Forslaget til nye kjerneelement i norskfaget gir betre rom for djupnelæring. Her er det plass til både dugleik og danning.

Ingvil Brügger Budal, Thomas Klevmark og Ketil Magnus Dokset er nokre av dei som har kritisert forslaget til nye kjerneelement med at dette er ein nedtur for norskfaget, og at det no kan bli mindre danning for elevane. Eg meiner heller det kan bli ein opptur.

Ja, danning er viktig. Vi som er norsklærarar, har eit særleg ansvar for å vidareformidle norsk litteraturhistorie og språkhistorie. Vi skal gjere elevane glade i vår litterære kanon, men samstundes skal vi klare å gi elevane dugleik til å ta imot den danninga som mange her etterspør.

Ein kan snakke høgt og lenge om det utopiske klasserommet, men vi som arbeider i skulen, må ta realitetane inn over oss. Det er ikkje berre å hoppe inn i ein litterær klassikar som eleven ikkje er rusta for å lese. Dette veit sjølvsagt norsklærarane våre, som meir enn gjerne introduserer ungdommane for den ypparste litteraturen vår når tida er moden for det. Om ein elev skal klare å få noko som helst ut av å lese Snorre eller Ibsen, må han vere lesekunnig. Forslaget til kjerneelement tar etter mi meining god høgde for at det tar tid å få god dugleik i lesing og skriving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement