Opplanda vs Innlandet fylke
– Er Noreg eit demokrati? spurde nyleg ei dame. Svaret på det spørsmålet er nok ja, men knapt når det gjeld vedtaka om nye namn og fylkesgrenser i Noreg. Her har eit «utval», tilsynelatande utan folkeleg oppslutning og med avgrensa historisk innsikt, kome med «innspel» som så Stortinget har vedteke.
I pressa har det kome mange kritiske artiklar om fleire av desse innspela. Sist ute er Marit Hole Tynnerøl i Dag og Tid 4. januar. (Sjølv har eg hatt innlegg om saka både i Dagsavisen, i Klassekampen og i Dag og Tid.)
I denne saka er det fleire argument som kunne trekkjast fram, frå alle landsdelane. Eg vil her halde meg til eit av namneforslaga: «Innlandet» som nytt namn for dei to noverande fylka Oppland og Hedmark.
Kvifor ikkje kalla desse to fylka for Opplandene? Det er eit namn med historisk hevd. Frå gammalt av vart «Upplandene» oppfatta som ein samnemnar for distrikta Romerike, Ringerike, Hedmark, Toten, Hadeland og dalføra Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen og Østerdalen med Solør.
Eg kjenner ingen frå desse distrikta som kallar seg «innlending». Derimot kjenner eg fleire som har nytta uttrykket Opplanda, med skilje mellom Vestoppland og Austoppland, det siste som namn på det som på slutten av dansketida vart heitande Hedemarkens Amt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.