Oppdrett i 70 år
Næring
Siri Helle skriv alltid kloke ord om mat og politikk, og matpolitikk, i Dag og Tid. Det gjorde ho òg sist veke, under overskrifta «Ikkje mitt vestlandsopprør». Men denne gongen er ho litt smålåten når ho skriv om kor lenge vi har hatt oppdrettsnæring her i landet.
Ho konkluderer med 1970 og brørne Grøntvedt på Hitra. Men då hadde Endre Rundhovde på Osterøy alt drive på i 17 år. Han starta oppdrett, rett nok først med aure, ved familiegarveriet på Valestrandsfossen. Seinare flytta han til Radøy, som i dag er i Alver kommune.
Som ung gut tidleg på 1960-talet var eg med far min på anlegget der ute. Eg var særleg imponert over at vi kunne hanka opp ein laks og ta han med heim til middag. Det må ha vore ein sundag.
Men Rundhovdes problem var at han aldri fekk konsesjon til å drive oppdrett. Det plaga han i alle år, heilt til han døydde i 2017, 92 år gamal. Konsesjonar var heilt avgjerande for at denne næringa skulle bli den milliardindustrien som Siri Halle skriv om i kommentaren sin. Sjølv eit brev stila til statsminister Gro Harlem Brundtland, i hennar regjeringstid, nytta ikkje. Rundhovde vart ikkje teken på alvor mellom makthavarane i Oslo og i Bergen. Til det vart han nok for mykje ein sjølvrådande vestlending.
Vil du lese meir om Endre Rundhovde, kom det ut ei bok om han i 2002, skriven av BT-journalistane Bernt Kristiansen og Odd Strand. Ho heiter Statsmakt mot laksepioner.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no